Då Marita Åsgard Raae (28) og Lars Christian Raae (31) hadde vore saman i fem år, følte han at noko måtte skje.

— Vi hadde kjøpt leilegheit og hadde lyst på ungar. Vi skjønte vel at vi hadde bestemt oss for å vere saman. Då mangla berre det å formalisere det, seier han.

Frieriet skjedde på Tippetue eit år før dei gav kvarandre sitt ja i mai i år. Og det går bra, melder paret. Dei ventar sitt fyrste born, ei lita dotter, i april, og synest det er «koseleg å vere gift».

— Eg har funne ein eg ikkje liker å vere utan. Eg vil vere saman med han kvar dag, seier Marita.

Tilbake til 1960?

Stadig fleire ekteskap held livet ut, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Viss alle skiljer seg slik dei gjorde i 2012 vil 40,9 prosent av alle ekteskap ende i skilsmisse. Det er ein kraftig nedgang frå 2004, då dei rekna med at 50,4 prosent av ekteskapa ville gå i oppløysing.

Det er rett nok eit stykkje til vi er tilbake til tida før den seksuelle revolusjonen, før all umoralen kom inn i verda frå slutten av 1960-talet. I 1960 låg 9,5 prosent av ekteskapa an til å gå i oppløysing. Skilsmisseratene auka jamnt på fram til toppen vart nådd i 2004.

- Like forelska

Marita og Lars Christian har gode føredøme i både foreldre og besteforeldre, og særleg faren til Lars Christian har vore ivrig på å gi råd til dei nygifte.

— At ein til dømes kan la vere å seie alt negativt ein tenkjer, seier Lars Christian.

— Og å ha det kjekt i kvardagen. Eg koser masse med han kvar dag, seier Marita.

Dei synest det er positivt at skilsmisseprosenten har gått ned.

— Kan hende har folk fått augo opp for at oddsa ikkje er så gode når dei giftar seg, så dei jobbar meir for at ekteskapet skal gå bra, foreslår Lars Christian.

Den store skilnaden etter giftarmålet har dei ikkje kjent på.

— Eg synest ikkje det er så annleis. Eg er like forelska, seier Marita.

— Ein skilnad er at me ikkje lenger lurer på om me er der me skal vere. Me har valt, seier ektemannen.

LUKKELEGE: Marita Åsgard Raae og Lars Christian Raae ventar ei dotter i april.
Helge Skodvin