Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at det var 74 færre ektepar frå Hordaland som skilde seg i fjor i forhold til 2004. Tilsaman var det 874 skilsmisser i fylket i fjor. Talet på separasjonar i same periode auka med 48.

I Sogn og Fjordane har talet på brotne ekteskap holdt seg meir konstant. Der var det ein ekstra skilsmisse i fjor i forhold til 2004. Men framleis er tala låge i trivselfylket. Toltalt sett var det 153 skilsmisser i 2004.

Er du i et godt forhold? Ta testen her!

Uendra på landsbasis

I 2005 vart det inngått 22 400 ekteskap i Norge, som er om lag like mange som dei to tidlegare åra. Talet på skilsmisser låg på det same nivået som året før, medan talet på separasjonar var noko lågare. Men talet på vigslar i statskyrkja gjekk stendig ned.

Både tal for inngåelse og oppløysning av ekteskap heldt seg nær uendra i 2005. 22 400 ekteskapsinngåingar, vel 11 000 skilsmisser og 12 800 separasjonar vart registrerte i fjor.

I 2005 vart 62 registrerte partnarskap løyste opp ved skilsmisse, og 60 partnarpar vart separerte.

Det er stadig færre statskyrkjelege vigslar. Om lag 10 600 par, eller 47 prosent, gifta seg statstkyrkjeleg i fjor. Til samanlikning var det 63 prosent som gifta seg statskyrkjeleg i 1995. Medan færre og færre vel statskykjeleg vigsel, vel fleire borgarlege vigslar og vigslar i utlandet.

Seint gifte

Før 2005, og så langt attende vi har slik statistikk, har talet på vigslar knytte til andre trussamfunn (dissenter kyrkjelydar) stått for ein liten del av vigslane. Dei har variert mellom 339 (2002) til 540 (1988), og i 2005 var talet stige til 630. I dette inngjekk vigselstal frå Human-Etisk Forbund som fekk vigselsrett i slutten av 2004.

Førstegongsgifte menn og kvinner var høvesvis 33,2 år og 30,4 år, i gjennomsnitt i 2005. Gjennomsnittsaldrane auka framleis, slik dei har gjort i ei lang rekkje år. Sett i høve til ikkje tidlegare gifte menn og kvinner under 35 år, var det færre førstegongsgifte under 35 år i 2005 i høve til i 2004.

Menn og kvinner som gifta seg på ny var høvesvis 47,8 år og 43,9 år.

Her kan du lese mer om undersøkelsen