Framlegget om innskrenkinga kjem som fylje av mangelen på lokomotivførarar i NSB. Den skuldast ikkje berre naturleg avgang og avansement til mellomleiarstillingar. Mange årsverk går med til kursing av lokførarar på nye togtypar.

— Vi får no levert dei 36 nye togsetta av 72-serien som er tinga hjå italienske Ansaldo Breda. Dei første skal setjast inn på Jærbanen på forsommaren, opplyser informasjonssjef Arvid Bårdstu i NSB-konsernet til Bergens Tidende.

Kvar lokførar skal gå gjennom eit kurs på to veker før han kan føra det nye kortdistansetoget (Puls), vonleg utan same barnesjukdomane som nye togsett til langdistanse (Signatur) og mellomdistanse (Agenda).

For å få kabalen til å gå opp, må NSB redusera produksjonen med 3,7 prosent rekna i togkilometer, fem prosent av avgangane må strykast av rutetabellen.

— Dei fleste kutta må gjelda frå ruteendringa 16. juni, men vi vonar å kunne køyra nattog natt til sundagar på Bergensbanen også i turistsesongen i sommar, seier Bårdstu.

Frå midten av september og gjennom heile vinteren er det lågt belegg på toget desse nettene, seier Bårdstu.

Også på Flåmsbana vil NSB køyra fullt program heile sommaren, men går inn for drastiske kutt i vinterprogrammet, der ein køyrer med praktisk talt tomme tog. Olav Lühr i Flåm Utvikling AS protesterer likevel. Togtilbodet må vera pårekneleg og stabilt over lang tid. Ein må ikkje risikera at langvegsfarande opplever å bli ståande att på perrongen med forelda togtabell.