Oberstløytnant Oddmund Nygård er likevel ikkje redd for at Alliert Treningssenter Sør (ATS/S) på Bømoen står i fare for nedlegging.

— Vi har nå fått i oppdrag å koordinera all øvingsverksemd for utanlandske militære i heile Sør-Noreg, frå og med Nord-Trøndelag, fortel han til Bergens Tidende.

Første øvinga er alt gjort unna, på Rjukan.

Saman med major Njål Are Fortun orienterte han i går grunneigarar og andre interesserte om øvingane i Vossetraktene i vinter. Tre britiske og ei nederlandsk avdeling blir med, dei første kjem rett over nyttår. Om lag 200 av britane reiser vidare til ei stor øving nordpå seinare på vinteren.

Det blir færre soldatar og færre køyredoningar langs vegane og i terrenget enn tidlegare vintrar. Men norske offiserar som registrerer skader og syter for økonomisk oppgjerd med grunneigarane, blir med som før.

Frå tid til annan har det oppstått diskusjon om kor gode økonomiske ringverknader øvingane har for lokalsamfunnet, særleg etter at internasjonale SMS-group på 80-talet overtok matvareleveransane. I år fann eit par av kjøkkensjefane ut at mangt kunne handlast billegare på butikken på Mjølfjell enn det avgiftspriviligerte SMS forlangte. Etter det Bergens Tidende får opplyst, har britane gått inn på ein ny avtale med SMS, medan nederlendarar og andre står fritt.

Forsvaret går no inn for å flytta treningssenteret nordpå (ATS/N) frå Harstad (Åsegarden og Evenes) til Skjold garnison i Indre Troms. Avgjerd er venta til våren. I Harstad kjempar ein mot denne flyttinga. Det vert mellom anna hevda at dei utanlandske militære kjøper varer og tenester for rundt 30 millionar kroner i året.

Etter fire månaders fornuftsekteskap med Heimevernet på Skei i Jølster, er ATS/S på Bømoen administrativt underlagt Haakonsvern Orlogsstasjon og FLO sjø (Sjøforsvarsdelen av Forsvarets Logistikkorganisasjon). Det betyr likevel ikkje at den gamle infanteristane og hæroffiserane på Voss har skifta til marineuniform. Men det understrekar at treningssenteret er ope for alle våpengreiner i norsk og alliert forsvar. Dessutan tek dei mot sivile institusjonar som politi og brannvern. Mjølfjell skytefelt er eitt av fem som Forsvaret satsar på, og det gir forankring til Voss. I 2004 er miljøaspektet ei prioritert oppgåve.