Ifølgje Nav Hordaland gjekk det legemelde sjukefråveret ned med ti prosent tredje kvartal i år i høve til samme periode i 2009. Sjukefråveret utgjer i dag seks prosent at avtalte dagsverk, ein vinst på 80.000 dagsverk for arbeidslivet i fylket.

— Reduksjonen kan mellom anna forklarast med ei normalisering av talet på tilfelle av luftvegsjukdommar, plager som var med på å dra opp fråveret i tredje kvartal i fjor, seier fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Hordaland.

Også på landsplan er sjukefråveret redusert med om lag ti prosent frå tredje kvartal 2009, frå 7,7 til 7 prosent. Konstituert arbeidsminister Rigmor Aasrud ser med glede at det norske sjukefråveret har gått ned i heile 2010.

Nav samarbeider med arbeidstakarar, arbeidsgivarar og legestanden for å få ned sjukefråveret.

— Det er viktig at alle partar tek sitt ansvar for å halda sjukefråveret lågast mogeleg, mellom anna gjennom å ha fokus på tilrettelegging på arbeidsplassen, uttalar Nav sin fylkesdirektør i Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes i ei pressemelding.

Størst i helse og sosial Helse- og sosialsektoren har høgast sjukefråvere i Hordaland. 8,5 prosent fråvere innebar at over 156.000 dagsverk gjekk tapt i denne sektoren frå juli til september.

Lågast fråvere er det blant bønder og fiskarar, prosenten var her 3,7 i tredje kvartal.

Sjukefråveret går ned blant både kvinner og menn, men kvinnene har likevel høgare fråvere enn menn - 7,6 prosent mot 4,8 prosent.

Største årsaka til fråvere er muskel- og skjelettlidingar, med psykiske lidingar på andre plass.

595.000 dagsverk tapt Totalt gjekk nær 595.000 avtalte dagsverk tapt i Hordaland grunna legemeldt sjukdom frå juli til september i år, melder Nav.

Kommunane Etne, Fitjar, Ullensvang og Fusa har det lågaste legemelde sjukefråveret, medan Sund, Askøy, Modalen, Fjell og Osterøy ligg i andre enden av skalaen. I Bergen har sentrum og dei sørlege bydelane det lågaste sjukefråveret, medan Laksevåg og Arna har høgast fråver grunna legemeldt sjukdom.