KJERSTI MJØR

— Skammeleg, Kvifor skal kvinner i Bergen få eit dårlegare tilbod enn elles i landet, spør seksjonsoverlege ved Kvinneklinikken, Jone Trovik.

— Desse kvinnene går ikkje i tog, og ropar ikkje høgt. Men til oss fortel dei om frustrasjonane sine. No må nokon snart gjere noko for denne pasientgruppa, seier Trovik til BT.

Ho snakkar om kvinner, ofte eldre, som treng operasjon på grunn av alvorlege livmorsplager eller urinlekkasje. Om kvinner med muskelknutar, som fører til blødingar og trykkplager, og om kvinner som må operere vekk eggstokkcyster.

Færre og færre får tilbod om behandling ved Gynekologisk avdeling på Kvinneklinikken i Bergen. Der er det for få legar, og operasjonsstovene står tomme store delar av tida.

Istadenfor brukar dei tilsette dobbelt så mykje tid som før på å sende dei vidare til sjukehusa i Førde, Haugesund, Lærdal og Voss, samt til privatklinikkar i Oslo og sjukehus i Sverige.

Frå 26 til 12 senger

På grunn av økonomiske innstrammingar i Helse Bergen HF blir sengetalet ved den generelle gynekologiske sengeposten meir enn halvert i 2002. Først frå 26 til 20 senger i februar, noko dei tilsette trudde berre var ei mellombels løysing. Men no blir «unntakstilstanden», som Trovik kallar det, forverra. Nyleg vedtok Helse Bergen HF å kutte sengetalet med ytterlegare åtte senger frå 1. september. Dermed er det berre tolv igjen.

Desse sengene må i hovedsak reserverast for grupper som treng akutt hjelp. Det kan vere akutte operasjonar, spontanabortar, graviditet utanfor livmora eller behandling for alvorleg svangerskapskvalme og underlivsinfeksjon.

Alle andre må rekne med å bli sende vidare.

- Skammeleg

Dette skjer i stort omfang allereie. Berre etter påske har kvinneklinikken vist kring seksti pasientar til andre sjukehus. I tillegg kjem alle som blir sende direkte vidare av privatpraktiserande legar, fordi det etterkvart er velkjent at Kvinneklinikken ikkje har operasjonskapasitet.

Teknisk sett kunne alle desse pasientane fått eit tilbod ved Haukeland sykehus, som er universitetsklinikk med høg kompetanse på gynekologi.

Det gjer Trovik opprørt.

- Mål å auke kapasiteten

— Vi har kutta sengetalet til tolv senger ved den gynekologiske posten. Dersom det viser seg å vere for lite, aukar vi talet igjen, seier assisterande direktør i Helse Bergen HF, Tore Nepstad, til BT.

Han seier at ledig kapasitet på grunn av mangel på legar til å utføre operasjonar, er årsaka til at den generelle gynekologiske posten blir halvert i 2002. Dei åtte sengeplassane, som blir «ledige» i september, skal disponerast av pasientar frå øyeavdelinga ved Haukeland sykehus.

— Dette gjer vi fordi vi slit med økonomien. Men dersom vi klarar å heve operasjonskapasiteten kan det totale sengetalet aukast til 26 igjen, seier Nepstad.

Han understrekar at han forstår og deler bekymringane til KK-leiinga og legane.

— Målet for Helse Bergen er å auke operasjonskapasiteten. I mellomtida må vi utnytte ressursane så godt vi kan.