– Reglane er gjort strengare av omsyn til tryggleiken til dei reisande. Kvar høgfjellsveg har fått eit eige regelverk ut frå faktorar som avstand, tilgang på sikringsutstyr og sjanse til evakuering, seier Ola Egil Hagen i Statens vegvesen.

Avisa Fjordingen skriv i dag at for Strynefjellet kan det maksimalt vere 70 personar eller 30 køyretøy i kvar kolonne. I praksis kan dermed to bussar vere nok til å fylle opp ei kolonne.

Den situasjonen var nær ved å oppstå då uvêret slo til sist helg. To bussar frå Oslo køyrde etter kvarandre på veg mot bommen på austsida av Strynefjellet. Like før dei var framme, blei det opna for fri ferdsel.

– Eg er spent på kor sterkt Vegvesenet vil handheve desse reglane, seier marknadssjef Svein Arne Vik i rutebilselskapet Fjord1 Nordfjord-Ottadalen.

Dei nye reglane er innførte frå i vinter, og Vik seier dei vil be om eit møte med Statens vegvesen for å få ei orientering.