— Vi må finna ei betre ordning enn den vi har no. Her er det noko som ikkje funkar. Det bryt med alle prinsipp at inntekta blir den same om sauebonden leverer god eller dårleg kvalitet, sa Lars Sponheim då han i Ulvik måndag kveld møtte lokale bønder på heimebane.

Landbruksministeren etterlyste glupe idéar frå bøndene sjølv.

Framtid

I eit ministermøte der alle var på fornamn, skisserte Lars fyljande vyar for norsk landbruk 10-20 år framover:

— Alt jordbruksareal i Noreg vil framleis vera i bruk. Men talet på bønder vil gå ned, som en fylje av velstandsutviklinga. Dei fleste bøndene vil framleis driva med «volumproduksjon» (tradisjonelt landbruk med store matmengder til høvesvis låge prisar). Men mange vil også ha funne sine eigne nisjer med småskala produksjon til høgare pris pr. stykk, kilo eller liter.

Lars meiner at han er den første landbruksministeren her til lands som ikkje har uttalt som mål å halda oppe talet på bønder.

Ned mote 40.000 gardsbruk

Den treledda strategien hans går for det første ut på å halda oppe volumproduksjonen til eit metningspunkt ned mot 40.000 gardsbruk (har minka frå 87.600 til rundt 59.000 dei siste ti åra).

Punkt 2 har han kalla Landbruk Pluss, ein tiltakspakke som mellom anna overfører både avgjerdsmakt og pengar frå staten til kommunane. 23.000 departementale avgjerder årleg skal delegerast til lokale styresmakter.

For det tredje skal opp mot 25.000 småbruk kunne seljast til folk som ikkje skal driva jordbruk, men berre bu der. Folk bør ikkje tvingast til å bu i tronge bustadfelt, og naboen kan driva jordareala.

EU-konsekvens

Tore (Rondestveit) ville vita nøyaktig kvar Lars og Venstre står i EU-spørsmålet.

Svaret gir tolkingsrom. Lars lova å vera dønn ærleg om konsekvensane for alle sider av landbruket. Det var ikkje tilfelle med Gro-regjeringa sist, hevda han.

— Det som er heilt sikkert, er at EU-medlemskap gjer slutt på korndyrkinga her i landet. Konsekvensen av det, blir venteleg at noverande korndistrikt overtek all produksjon av storfekjøt. Vestlandsbonden kan ikkje konkurrera, sa Lars.

Men han ville ikkje avskriva mjølkeproduksjon rundt om i landet. Dei alle fleste land har mjølkekvotar knytt til bruka, og lite tyder på endringar.

— Internasjonal handel med mjølk har aldri slått til. Under fem prosent kryssar ei landegrense. Folk har eit særleg nært tilhøve til mjølka. Den skal vera fersk, produsert i nærområdet, til naud regionalt og i alle fall i landet. I Noreg transporterer vi mjølk over større avstandar enn i mange andre land, sa Lars.