John Lindebotten

— Ja, kvifor ikkje? spør Erling Walderhaug, ordførar på Fedje.

— No i haust var eg ei vekes tid i Frankrike. Eg reiste med båt på kanalane, frå Lyon til Nancy. Ni dagar var vi undervegs - gjennom mange sluser og jamvel tunnelar. Mange stader gjekk turen så å seia gjennom hagane til folk. Om kveldane la vi til på strategiske stader der det var vertshus og miljø.

— For meg baud denne kanalturen på den eine aha-opplevinga etter den andre. Og eg tenkjer meg at ein franskmann som reiste farleia gjennom Nordhordland kanskje ville få sine aha-opplevingar, han og. For noko slikt som farleia vår finst ikkje nokon stad i Frankrike, seier Erling Walderhaug til Bergens Tidende.

Forvaltningsplan

Ordføraren på Fedje er nestleiar i ei styringsgruppe som har stått bak ein forvaltningsplan for farleia, eller skipsleia om ein vil, frå Bergen via Flatøy, Alverstraumen, Lurefjorden og straumane i Austrheim ut mot Fensfjorden. Bak denne planen står kommunane Askøy, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim, Lindås og Bergen. Asplan-Viak har gjort eit utruleg omfattande arbeid med registrering og analyse av likt og ulikt som går på historie, kulturminne, næringsvegar og kva som må til av privat og offentleg engasjement for å skapa noko nytt og livskraftig langs farleia.

For det har lenge vore smått med liv langs farleia. Mykje døydde vekk då trafikken vart flytt frå sjø til veg. Fjordabåtane som gjekk i fast rutetrafikk med mjølsekker og kassar med appelsinar kjem aldri attende. Men mange ser ei ny og spanande utvikling gjennom reiselivet. Lyngheisenteret på Lygra er døme på ei slik satsing, der ein prøver å kombinera kulturhistorie og reiseliv. Men Lyngheisenteret er samstundes eit døme på at det ikkje er lett å få ny reiselivsprosjekt til å gå rundt økonomisk.

Leggja til rette

— Vi vil gå i gang med skilting av farleia så snart som mogleg, seier prosjektleiar for planarbeidet, tidlegare Lindås-ordførar Jostein Vike. - På skilta skal båtfolket finna orientering om staden dei legg til og leia vidare til neste hamn, seier han.

Men planen går langt vidare enn som så. Landskapsarkitekt Knut Hellås hjå Asplan-Viak gjekk langt inn i detaljane om kva som måtte til både av privat og offentleg medverknad, då han la fram forvaltningsplanen på eit seminar i Bergen i går.

— Det må leggjast til rette for overnatting, for matservering, for parkering. Gamle, nedlagde fabrikkar og hus på kaiane må restaurerast. Dei gamle dampskipskaiane må setjast i stand med fendring og nok djupne. Dette arbeidet med infrastruktur kan berre gjennomførast med sterk økonomisk støtte frå det offentlege. Men etter kvart er det slett ikkje utruleg at einskilde bedrifter kan stå på eigne bein økonomisk, seier Knut Hellås.

Lindåsslusene

Arbeidet med Lindåsslusene er eit sentralt element i dette restaureringsarbeidet. Og også det dyraste. Sluseportane vart heiste opp for eit par år sidan. No ligg dei på Mastrevik Mekaniske og vert pussa, sveisa og stelte med.

— Fire millionar kroner har det kosta. Vona er at dei kan setjast på plass at om eit par år. Til då må vi ha eit opplegg for drift og vedlikehald av slusene slik at både fritidsbåtane og dei gamle fjordabåtane kan koma inn i Lindåspollane, seier næringssjef i Lindås kommune, Ole-Jacob Aarland, til Bergens Tidende.

Berre å søkja

Aarland vonar at dei deltakande kommunane vil gjera vedtak om å slutta seg til innhaldet i forvaltningsplanen for farleia. Planen vil deretter tena som eit solid grunnlag for kommunedelplanar og reguleringsplanar som kvar einskild kommune får i stand med tanke på reiselivsutvikling langs farleia.

— Men korleis skal arbeidet finansierast?

— Her trengst det mykje kreativitet, medgjev Jostein Vike. Men på seminaret i går sette han deltakarane på sporet.

— I statsbudsjettet til Miljøverndepartementet, Landbruksdepartementet, Næringsdepartementet og Fiskeridepartementet finn vi kapitel som handlar om stønad til prosjekt av ulike slag. Så her er det berre å søkja.