– Dette resulterer frå tid til annan i dødsulukker, fortel assisterande fylkeslege Svein Hindal.

Han fortel at fylkeslegen i Hordaland kvart år får melding om 10-15 trafikkulukker, der den direkte årsaka kan sporast tilbake til sviktande helse blant dei involverte.

– Ulukkene varierer sjølvsagt stort i skadeomfang. I verste fall kan utfallet verta fatalt, seier Hindal.

I 2003 køyrte ei 41 år gammal kvinne frå Hordaland to mil i feil køyreretning på E6 ut frå Oslo Lufthavn, Gardermoen. Ferda enda i ein frontkollisjon, der ein far, dotter hans på åtte månader og oldemora til barnet, omkom. Det vart funne medikament i blodet til 41-åringen.

Alvorleg lovbrot

337 førarkortsaker vart rett nok meldt inn til fylkeslegen i Hordaland i fjor, men Hindal trur mørketala er store.

– Berre i vårt fylke er det ikkje urimeleg å tru at så mange som 100 sjåførar slepp gjennom nålauga kvart år, sjølv om helsa deira tilseier at dei aldri skulle hatt førarkort. Dette er eit alvorleg brot på helsepersonellova, understrekar Hindal og viser til følgjande helsefaktorar som kan ta frå deg retten til å køyra bil:

  • Nedsett syn
  • Epilepsi
  • Sinnslidingar
  • Misbruk av alkohol og andre rusmiddel
  • Dobbeltsyn
  • Diabetes
  • Hjartesjukdom

Hindal er klar på at enkelte sviktar samfunnsoppgåva som følgjer med jobben som lege, psykolog og optikar.

– Desse tre gruppene har som oppgåve å hjelpa pasienten sin. Det oppstår gjerne ein konflikt når dei samstundes bidreg til å ta frå vedkomande førarkortet, og dermed høvet til å køyra bil. Kanskje er dette årsaka til at såpass mange vel å ikkje melda saka inn.

Han er likevel svært kritisk til ein slik praksis.

– Dei set seg over lova og treng openbart å sjå nærare på bestemmelsane som sentrale styresmaktene har fastsett på dette området. Dei skal også vera klare over konsekvensane ved ikkje å seia frå, seier Hindal.

Det er veldig sjeldan at lovbrotet får konsekvensar for helsepersonalet.

– Ein sjeldan gong vert Statens helsetilsyn kopla inn. Då kan vedkomande få ein kraftig tilbakemelding om å skjerpa seg, opplyser Svein Hindal.

Blinde sjåførar

Politioverbetjent Jan Gunnar Bøe i trafikkseksjonen i Hordaland politidistrikt reagerer kraftig på opplysningane.

– Dette er jo mildt sagt skremmande å høyra. Men me ser det jo sjølv, også. Konkrete kontrollar har avslørt bilførarar som har vore bortimot blinde, seier han.

Politioverbetjenten viser samstundes til ei ulukke i Lyderhorntunnelen i Bergen i 1993. På veg til synskontroll på Haukeland køyrte ein 67 år gammal mann ned og drap ein 56 år gammal vegarbeidar. Bilføraren hadde grå stær på venstre auga og grøn stær på begge augo.

– Sjåføren hadde førarkort, men det viste seg at han knapt såg skilnad på lys og mørke, seier Bøe.

– Rom for forbetringar

President Torunn Janbu i Den norske lægeforening trur i stor grad norske legar har sitt på det tørre.

– Men dette er heilt klart noko som me tek alvorleg, og truleg er det alltid rom for forbetringar, også på dette området.

Janbu understrekar at det spesielt er tvilstilfella som er vanskelege for legen å avgjera.

– I den samanheng ønskjer me i større grad å ha høve til å henvisa til ein praktisk køyretest. Det er ikkje alltid like enkelt å kartleggja køyreeigenskapar gjennom ein helsesjekk, slår Torunn Janbu fast.

Brekke, Eirik