Sist haust måtte sjukehuset stenge ein lungepost i tre veker på grunn av dei resistente bakteriane. No viser det seg at utbrotet langt frå er over.

— Vi har no påvist smitte på meir enn ti av sengepostane våre, seier overlege Per Espen Akselsen ved senter for smittevern ved Haukeland Universitetssjukehus.

Kjempar mot smitte

Vancomysinresistente enterokokkar (VRE) er normalt ikkje farlege, og folk kan godt vere berarar av bakterien utan å bli sjuke. Men for menneske med svekt immunforsvar er det verre. Og dei finst det som kjent ein del av på alle sjukehus.

— Vi set svært mykje inn på å unngå ytterlegare spreiing av bakterien. Av dei som er blitt smitta, kjenner vi så langt berre til ein pasient som har blitt alvorleg sjuk, seier Akselsen.

Dei som blir alvorleg sjuke av bakterien kan få ein infeksjon i blodbanene, eller på meir folkeleg norsk blodforgifting. Vidare kan dei få urinvegsinfeksjon, betennelse i hjarteklaffane eller postoperative infeksjonar.

Sjukehuset har no skjerpa inn alle hygienereglar, og ein del av pasientane ligg på isolat.

— Dette er ein bakterie som kjem frå tarmen. Den vil finnast på huda til pasienten, men også i senger og på vanlege kontaktpunkt som dørhandtak, lysbrytarar og liknande.

Over hundre smitta

Bakterien vart først oppdaga på Haukeland i juni i fjor. Så langt er den påvist hjå snart hundre pasientar, og smittevernlegen meiner talet kjem til å bli endå høgare.

— Vi tek stadig prøver av pasientane, og reknar med å finne fleire som er smitta, seier Akselsen.

Paradoksalt nok kan bruk av antibiotika på dei smitta føre til at bakterien blomstrar endå meir opp.

— Såkalla breispektra antibiotika kan gje denne bakterien ei føremon. Det skjer fordi medisinen tek knekken på den øvrige bakteriefloraen, seier Akselsen.

— Dermed får denne resistente bakterien betre levevilkår.

Ifølgje smittevernlegen inneber dette at sjukehuset legg ekstra omtanke i kva typar antibiotika som blir brukt.

Ingen tilsette ved sjukehuset er blitt testa for bakterien.

— Det er ikkje vits i, fordi dei korkje blir sjuke eller spreier bakterien når vanlege hygienereglar blir følgde, seier han.

Alle frå Vestlandet

Bakterieutbrotet har så langt ikkje hatt direkte konsekvensar for drifta ved sjukehuset. Men dei har no fleire pasientar enn normalt i isolat, og har innskjerpa alle grunnleggjande hygienereglar.

— Vi bør kunne ha kontroll på dette utan at det går ut over drifta, seier Per Espen Akselsen.

— Så langt har vi drive ein del ekstra undervising om hygienereglane rundt om på avdelingane. Det dreier seg om basale ting som handhygiene, desinfeksjon av utstyr og så vidare.

Sidan årsskiftet er 47 tilfelle av VRE oppdaga i Norge, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

— Av desse er 43 registrert i Hordaland, dei fire øvrige i Sogn og Fjordane, fortel overlege Martin Steinbakk ved FHI.

- Kor farleg er det å ha mange berarar av slik smitte ved eit sjukehus?

— Det er vanskeleg å vurdere. Bakterien slår sjeldan ut i sjukdom. Men når den gjer det, er den vanskeleg å behandle, seier Steinbakk.

I mellomtida går livet vidare på medisinsk avdeling fem, som er ein av avdelingane med registrert smitte.

— Vi er svært påpasselege med hygienen, og det blir en del ekstraarbeid med påkledning og utstyr, seier avdelingssjukepleiar Ida Kobbeltvedt Endregaard.