Dei to var offer for den tragiske brannen på Krokane i Florø 9. desember, der den eldste dottera i huset klarte å komme seg fysisk velberga ut.

Brannen vekte landsdekkjande mediemerksemd ikkje berre i kraft av dei to menneskeliva som gjekk tapt, men også fordi påtalemakta var raske med å pågripe og sikte Irene Johansens eksmann etter den såkalla mordbrann-paragrafen.

Siktinga er formelt sett enno ikkje fråfallen av formelle årsaker, og det er Riksadvokaten som skal ta denne avgjerda når etterforskinga er avslutta. Men politiet har i god tid før gravferda gjort det klart at det korkje finst haldepunkt for å påstå at brannen var påsett, eller å hevde at eksmannen kan ha vore i nærleiken da brannen oppstod.

Så fredag kunne den sikta, som eksmann og far, delta i gravferda på lik line med resten av dei pårørande. Såleis var han naturleg nok ein av dei fire som fekk bere båra til ni år gamle Markus ut av kyrkjeskipet og fram til den siste kvilestaden.

Før det, inne i ei vakkert pynta Florø kyrkje, hadde prestane Odd Stubhaug og Knut Magnus Nesse leia ein verdig minneseremoni over ei mor og ein son som vart rivne bort så brått og meiningslaust. Dei to bårene — ei lita og ei stor - stod omgitt av ei mengd kransar og blomsterhelsingar.

Knut Magne Nesse formidla minnet om ei sosial og omtenksam kvinne, godt likt i nærmiljøet på Krokane.

Han minnast også Markus, som blant anna let etter seg ein tom pult og eit stort sakn i klasse 4B på Krokane skule. Mellom dei mange helsingane frå slekt, vener og kollegar var også ei heilt spesiell ei til Markus.

Det var helsinga til Markus frå klassekameratane på Krokane skule, eit gripande farvel med ein nyfiken og humørfylt medelev som no er borte.

TIL SISTE KVILESTADEN: Den rommelege Florø kyrkje var fullsett da 39 år gamle Irene Johansen og son hennar, Markus (9), vart gravlagt i går. FOTO: EGIL AARDAL