Likevel kan det godt henda at dei politiske organa i Hordaland fylkeskommune vil sleppa bompengesøknaden gjennom denne gongen. Både fylkeskommunen og Statens vegvesen meiner at søknaden no oppfyller dei krava som vart stilt då fylkestinget sa nei til godkjenning sist haust.

No er semja stor nok, og nytteprinsippet er oppfylt med ein bomstasjon på Radøy i tillegg til Nordhordlandsbrua. Dermed kan ikkje fylkeskommunen gjera noko anna enn å godkjenna søknaden.

Les også: — Ja til bompenger

Manglar realisme

Men ein vesentleg mangel heftar enno ved bompengesøknaden for Nordhordlandspakken; nemleg realismen. Både fylkesrådmann Paul M. Nilsen og regionvegsjef Olav Ellevset ber om at Regionrådet for Nordhordland ser ein gong til på føresetnaden i søknaden om minst 50 prosent frå staten.

50 prosent vil etter dei siste utrekningane bety ca. 1 milliard kroner av ein samla kostnad på 2 milliardar om vi reknar med både fase 1 og fase 2.

Gje politikken ein sjanse

Ifølgje fylkesrådmannen og regionvegsjefen vil dei i fyrste omgang gje både lokale, regionale og sentrale politikarar sjansen til å gjera ein jobb. Det skal utførast mykje politisk handverk fram mot handsaminga av Nasjonal Transportplan i Stortinget våren 2009.

Men både Paul M. Nilsen og Olav Ellevset viser samstundes til den trenden vi har sett dei siste åra, at staten satsar sterkare enn før på vedlikehald og er påhalden med midlar til investering. Og skal staten investera, bør det skje der det er lite å henta i bompengar.

Utgangspunktet er 0

Nyleg vart søknaden om bompengar for nyvegen Bergen-Os sendt attende til bompengeselskapet fordi føresetnaden om 50 prosent frå staten vart sett på som urealistisk. Vegprosjektet, Rådal-Svegatjørn, får truleg dekka ein milliard kroner frå staten likevel. Grunnen er at Rådal-Svegatjørn alt har denne summen liggjande inne i noverande Nasjonal Transportplan. 1 milliard her vil bety ca. 30 prosent av 3,4 milliardar kroner, mot ynsket om 50 prosent. Då vert det vanskelegare med Nordhordlandspakken. For her er utgangspunktet 0 kroner frå staten.

Regionvegsjef Olav Ellevset skriv og i sitt tilrådingsbrev at «det er lite truleg at staten vil bidra med 50 prosent av totalbeløpet».

Diskuter saka her.

AVVIKLA: Nordhordlandspakken er ei samling vegprosjekt som skal gjera det lettare å ferdast innanfor Nordhordland og mellom Nordhordland og Bergen. Bompengestasjonen her ved Nordhordlandsbrua vart avvikla for vel to år sidan. ARKIVFOTO