Det er avgjerda om å stille i venteposisjon alle saker om asyl— eller opphaldsløyve for barn som 1. april 2007 vil ha vore i landet tre år eller meir, som gjer at Tanja (16) og Olga (18) får bli inntil vidare. Den moldovske familien fekk melding om at denne avgjerda også omfattar dei to søstrene i eit brev frå Utlendingsdirektoratet (UDI) for få dagar sidan.

— For jentene og mor deira var dette ei svært gledeleg melding. Dei har fått eit håp om at dei kan få vere i landet, seier Arne Myklebust.

Menneskehandel

Historia om dei to tenåringane som flykta til Norge, fordi dei skulle seljast som sexslavar i heimlandet, gjekk landet rundt for halvtanna år sidan.

Mor deira, Raisa, flykta frå Moldova etter å ha blitt utsett for trugsmål fordi ho var politisk opposisjonell. Også hennar næraste fekk gjennomgå, og ein av grunnane til at mora drog var at ho håpa det ville få slutt på trakasseringa av døtrene.

Slik gjekk det ikkje. Tanja og Olga blei truga med at dei skulle seljast til prostitusjon i Tyrkia, og ved eitt tilfelle blei eit kidnappingsforsøk hindra i siste liten. Familien greidde til slutt å smugle dei ut av landet. Etter fem dagar i bil gjennom Europa kom dei til Norge, og møtte att mor si då budde på asylmottak i Aurland.

Engasjement

Men norske styremakter meinte ikkje familien hadde rett til opphald. Utlendingsstyremaktene avgjorde at både jentene og mor deira skulle sendast tilbake til heimlandet.

Vedtaket utløyste sterke reaksjonar lokalt. Dei to jentene hadde lært seg sognemål på rekordtid, og heile familien hadde raskt blitt ein integrert del av lokalsamfunnet. Både aurlendingar flest og det politiske miljøet med ordføraren i spissen, engasjerte seg difor sterkt då utvisingsvedtaket blei fatta.

Etter at saka blei kjend gjennom media, vaks engasjementet langt ut over sognebygdene. Fleire humanitære organisasjonar tok opp saka, og kom med kraftig kritikk av norske styremakter. Det blei starta innsamlingsaksjon for at familien skulle få råd til å føre sak mot staten for å få omgjort vedtaket. Rettssakene enda med tap både i tingretten og lagmannsretten. Den rettslege sida av saka blei avslutta då Høgsterett i juni avslo å ta opp anken på dommen frå lagmannsretten.

Samla familie

Ifølgje brevet frå UDI er utsendinga av familien utsett i påvente av at Stortinget skal handsame eit framlegg til endra utlendingsforskrift. Mellom framlegga Stortinget skal ta stilling til, er at det i saker om asyl- og opphaldsløyve for born skal leggjast vekt på om dei har opphalde seg lenge i landet. Det er dette som gjer at folk i miljøet rundt Belik-familien no trur på eit utfall der dei får bli.

— Tidlegare har det vore sagt at denne saka skulle opp i Stortinget til våren. Av brevet frå UDI går det relativt klart fram at det vil ta lenger tid, seier Arne Myklebust.

— Står utvisingsvedtaket for mor deira ved lag?

— Eg vil tru at styremaktene ikkje kan sende ut att ho som har forsytaransvaret.

Tanja og Olga går no begge på vidaregåande skular i Sogn. Verken dei to eller mora ønskte i går å late seg intervjue.

— Dei vil ha mest mogleg ro. Alt dei ber om er ein sjanse til å få vise at dei kan klare seg sjølv her i landet, seier Myklebust.

fakta

  • Søstrene Tanja og Olga Belik flykta frå Moldova til Aurland for snart tre år sidan. I heimlandet blei dei truga med at dei skulle seljast til prostitusjon.
  • Utlendingsstyremaktene avgjorde at dei to ikkje hadde rett til opphald i landet. Familien gjekk til sak mot staten, men tapte i alle instansar.
  • Dei to tenåringane blir no omfatta av vedtaket om å stoppe utsendinga av alle born som har vore i landet i tre år.
FÅR BLI: Tanja og Olga Belik får bli inntil vidare. Dei som har kjempa saka for dei to tenåringane og mor deira, trur no dei vil få permanent opphaldsløyve. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH