Natt til 21. oktober 2011 vart 47-åringens barn innlagt på Førde sentralsjukehus, der ein nokså raskt konstaterte eit komplisert lårbeinsbrot på den enno ikkje halvt år gamle babyen. Ved nærare undersøkingar vart ei rekke, litt eldre brotskader konstatert: Kraniebrot på høgre side av hovudet, fire ribbeinsbrot på venstre side, to ribbeinsbrot på høgre side og brot i eine underarmen.

— Skadebildet talar klart for at barnet har vore utsett for vald, og vi meiner faren er ansvarleg for dette, seier politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sak mot mora lagt vekk

Saka vart politimeld kort tid etter sjukehusinnlegginga i oktober 2011, og politiet innleia ei brei etterforsking. Begge foreldra vart frå starten av sikta for mishandlinga, og politidistriktet innhenta mellom anna bistand frå KRIPOS. Dette arbeidet munna ut i at siktinga mot mora vart fråfallen tidleg i fjor haust, medan faren altså er tiltalt for lekamsskading under særleg skjerpande omstende.

I tiltalen heiter det mellom anna at faren i perioden frå juli til starten av oktober 2011 skal ha helde rundt brystkassa på barnet og rista, klemd eller slått barnet fleire gonger i brystkassen slik at det fekk til saman seks ribbeinsbrot. Vidare skal tiltalte i august til september same år ha slått eller støytt hovudet på barnet mot hardt underlag, eller slått barnet i hovudet slik at det oppstod brot på hovudskallen.

Kan få varige mein

Slik Bergens Tidende forstår det, var skaden som førte til sjukehusinnlegging aleine nok til at helsepersonellet i Førde fatta mistanke om at det vesle barnet kunne vere utsett for vald. I tiltalen heiter det at faren skal ha vridd eller rotert venstre fot på barnet slik at lårbeinet knakk.

— Skaden på lårbeinet var eit såkalla vridningsbrot. Utfrå dette og dei øvrige brotskadene som vart avdekka, meiner vi at denne babyen er utsett for minst tre ulike tilfelle av grov valdsbruk, seier Knut Broberg. - Det kan vere snakk om endå fleire enkeltepisodar.

— Korleis har barnet det i dag?

— Barnevernet har overteke omsorga, og barnet har det etter forholda bra. Men i følgje dei medisinsk sakkunnige er det store sjansar for at barnet er påført varige skader, også av psykisk art, seier politiadvokaten.

Meiner andre står bak

Advokat Stig Nybø skal forsvare den 47 år gamle faren når saka startar for Fjordane tingrett 18. juni. Han fortel at klienten nektar all straffskuld i samband med tiltalen.

— Han forklarer at han ikkje har gjort barnet noko som kunne påføre slike skader, og har inga forklaring på kva som kan ha skjedd, seier Nybø til Bergens Tidende.

Forsvararen vil ikkje foregripe noko, men seier at han kjem til å føre vitner som kan vise at det finst andre forklaringar enn at faren står bak.

— Han står fast på si uskuld, seier advokaten.

— Så han meiner andre må stå bak?

— Det ligg implisitt i det han seier. Her er vi inne på det som blir sentralt når saka kjem opp for retten.

Sidsel Rustad stiller som bistandsadvokat i straffesaka, og det er varsla eit erstatningskrav på vegne av barnet. Fjordane tingrett har sett av ni rettsdagar til straffesaka.