Dermed skulle føresetnadene vera klare for kva fertile Dingja-folk bør nytta sommarkveldane til i år. Fekk 12 millionar Ein føresetnad for realiseringa av smoltplanane i Dingja var at vegen til bygda kunne bera tungtransport. Måndag fall denne brikkja på plass då fylkesutvalet løyvde 12 millionar kroner til ny fylkesveg frå Sollibotn. Restsummen opp til rundt 20 millionar kroner skal betalast gjennom spleiselag mellom Gulen kommune og næringslivet. Bra for fastbuande Vegen reduserer avstanden til kommunesenteret Eivindvik med 25 kilometer. Dingja-folket får berre vel seks kilometer å køyra til nord— og sørgåande ekspressbåt i Sollibotn.- No kan ungdomane som skal på vidaregåande skule i Eivindvik, bu heime i tre år til, seier Gunhild Mongstad.Den einaste arbeidsplassen i Dingja, er på butikken. Dei fleste lyt køyra til jobben i Eivindvik via Rutledal.- Den andre vegen har me til tider køyrd med livet som innsats, seier Unni Dingen. Nytt byggjeland Men òg for Gulen kommune, som har jobba hardt politisk for løyvinga, vil vegen opna nye moglegskapar.- Eg trur Eivindvik vil ha vel så stor nytte av vegen. Ein får tilgang til eit nydeleg område som byggjeland og utfartsstad, seier ordførar Trude Brosvik (Krf).