Det er Nord-Stein A/S, på vegner av Øta-kompagniet A/S/Faxe Kalk A/S i Danmark, som har søkt om prøveopptak på sju lokalitetar. Søknaden er dermed delvis imøtekomen, skriv Hordaland fylkeskommune i ein pressemelding.

Årsaka til at det ikkje vert gjeve konsesjon på alle omsøkte lokalitetar, er mellom anna konflikt med sjøfugl og marine kulturminne.

Søkjaren er ei verksemd som foredlar østersskal frå Roskildefjorden i Danmark. Råstofftilgangen har stoppa opp grunna minkande ressursar og forbod mot vidare opptak. Selskapet er på jakt etter alternative råstoffkjelder. Planen er på sikt å etablera seg i Fjell kommune eller andre stader i landet med eigen fabrikk.

Konsesjonen er avgrensa til to år. I kvart av områda kan det takast ut prøvar på inntil 500 kubikkmeter. Fylkeskommunen krev å få tilgang til data frå prøveopptaket.