«Lavik-Oppedal avgang kl 18.20 fra Oppedal og kl 18.50 fra Lavik utgår grunnet nødvendig lading.»

Meldinga frå Norled tysdag kveld er blitt nærast rutine. Frå 15. februar har batteriferja MF «Ampere» vore i drift over Sognefjorden, på E39-sambandet Lavik-Oppedal. Like lenge har det vore problem.

Enno klarar ikkje ferja å oppfylle rutetabellen. Nokre døger har fleire turar blitt sløyfa for at ferja skal få straumen den treng.

Blir bøtelagd

Kvar gong det skjer, får ferjeselskapet Norled økonomiske sanksjonar frå Statens Vegvesen. Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtalte saka.

— Dette ligg i kontrakta. Me sanksjonerer mot all manglande produksjon, seier fagkoordinator for ferjedrift Anders Sæternes i Statens Vegvesen.

Han seier at Norled har fått litt slingringsmonn på den nye batteriferja, fordi den tek i bruk heilt ny teknologi. Difor har selskapet lov til å ha ferja ute for verkstadopphald litt fleire dagar i året, enn dei elles ville få lov til.

At ferja har ladeproblem, ser likevel ikkje Statens vegvesen mellom fingrane med. Kvar gong ferja står over ein tur på grunn av dette, blir Norled sanksjonert.

- Inga økonomisk katastrofe

Pengebeløpet er rekna ut frå kostnaden Norled ville hatt med å kjøre turen, gonga med 1,5, opplyser regionsjef Inge André Utåker i Norled. Han vil ikkje seie kor mykje dette utgjer i kroner og øre.

— Men dette er ikkje ei økonomisk katastrofe for oss. Me kunne reint økonomisk halde fram på denne måten ei stund til, men det er sjølvsagt ikkje det me ønskjer, seier Utåker.

Han seier ferjeselskapet jobbar på spreng for å gjere ladinga smidigare. Som BT nyleg omtalte jobbar selskapet både for å løyse tekniske utfordringar og gi mannskapet betre opptrening i lasting og lossing av ferja. Dei er også i samtale med Statens Vegvesen om endringar på ruta.

— Eg er temmeleg sikker på at me skal få dette i orden, seier Utåker.

Får reaksjonar

Norled har ikkje fått mykje klager frå dei reisande på ferjeturar som er innstilt. Sæternes i Statens Vegvesen seier dei får ein del reaksjonar, særleg frå næringsdrivande.

— Privatpersonar høyrer me mindre frå. Mange har tålmod med den nye teknologien, men det røyner nok på for dei fleste etterkvart, seier han.

Sæternes understrekar samstundes at batteriferja er ein del av ei utviklingskontrakt.

— Ein må forvente litt problem i ein oppstartsfase, men no forventar me at alt snart er på plass, og at ferja klarar å gå heile ruta.