I fire år har alle elevar i vidaregåande skule fått eigen berbar PC, påkosta av fylkeskommunen. Ein ny forskingsrapport frå Universitetet i Bergen har no kartlagt korleis elevar og lærarar opplever bruken av data i undervisninga.

Rundt halvparten av elevane rapporterer at dei i liten grad har reglar for bruk av PC i timane. Samstundes vedgår rundt 40 prosent at dei brukar PC til utanomfagleg aktivitet som forstyrrar læringa deira. Fleire av elevane i undersøkinga seier òg at dei saknar fleire og strengare reglar.

Lærarane kjenner seg ikkje igjen i den manglande reguleringa. Over halvparten seier dei i stor grad har reglar for databruk i timane.

Satsar på leiing

Inger Øvsthus Tønder, opplæringsdirektør i Hordaland fylkeskommune, seier PC-bruk er regulert. Tydeleg klasseleiing er satsingsområde for dei vidaregaånde skulane i Hordaland i år, og i det ligg også reglar for bruk av PC.

— Kvar skule styrer dette sjølv, men dei fleste har felles reglar for PC-bruk i alle timar. Det er klart at når ein gjennomgår andre ting, skal ein ikkje vera på Facebook, seier Øvsthus Tønder.

Ho trur nokre elevar ser på dette som så sjølvsagt at dei ikkje oppfattar det som reglar, men ser heller ikkje vekk frå at kommunikasjonen mellom lærar og elev nokre gonger kunne vore betre.

— Det kan henda nokre lærarar ikkje er klare nok når dei påpeikar korleis ting skal vera, seier ho.

Mindre forstyrrande med tida

NRK skreiv i 2009 at dåverande kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell uroa seg for distraksjonen Facebook og liknande fører med seg.

— Me må få elevane til å forstå at me må setja klare grenser for bruk av Facebook i skulen og ha sanksjonar, sa han på ein konferanse for lærarar i den vidaregåande skulen.

Øvsthus Tønder ser at PC-bruken har opna for forstyrringar, men trur desse gjer seg mindre gjeldande no enn det gjorde for nokre år sidan.

— Tilbakemeldingane me får er at det har blitt betre. Kanskje er det fordi PC-bruken har blitt vanlegare, og difor ikkje er like interessant som før, seier ho.

Ho påpeikar også at det alltid har vore forstyrringar i klasserom.

— Tidlegare skjedde det kanskje noko nytt utanfor glaset. Men no har forstyrringane forandra seg, og det er viktig at ein held fokus, seier Øvsthus Tønder.

Kva meiner du om Facebook i skulen? Sei di mening under!