• SPRENGT: 600 kubikkmeter stein var ulovleg sprengt bort frå steinalderbuplassen på Søre Bømlo då fylkeskommunen fekk greie på det og sende stoppordre.

    FOTO: Hordaland fylkeskommune

Får straff for sprengt kulturminne

110.000 kroner i bøter og betinga fengselstraffer etter rasert steinalderbuplass på Bømlo.

Grunneigaren utførte sprengingsarbeid trass i at han visste at det var registrert kulturminne frå steinalderen i området ved Langevåg på Søre Bømlo. Maskinentreprenøren let vera å søkja om sprengingsløyve.

Inngrepet som skjedde hausten 2008 har no resultert i strenge straffer i Sunnhordland tingrett.

Dommen lyder på 25.000 kroner i bot og 21 dagar fengsel på vilkår for grunneigaren (59) og maskinføraren (35), og 60.000 i bot til entreprenørfirmaet. I tillegg må dei tre partane seinare måtta svara for eit erstatningskrav på 403.000 kroner frå Hordaland fylkeskommune.

Visste om funn

- Eg føler det som å bli dømt for promillekøyring utan å ha hatt promille i blodet, seier grunneigaren om dommen. Han visste om steinalderregistreringar i området, men meiner han handla i god tru då han ville auka dyrkingsmarka i enden av ei myr der han forstod det ikkje var gjort funn. Mannen viser óg til at det er lagt både industriveg og fylkesveg i området. Han ønskjer likevel ikkje å anka dommen.

Sunnhordland tingrett meiner at grunneigaren har utvist grov aktløyse på grensa til forsett ved ikkje å forhalda seg til dei dokument og kart om verneområdet han hadde fått av kommunen.

Det handlar om steinaldebusetnaden Askeladden, der arkeologar har funne ymse utstyr og reiskap frå steinalderen (ca. år 9000 – 1700 f.Kr). Historisk Museum i Bergen sende i 1985 brev til Bømlo kommune om funna rundt Storemyr ved Langevåg, at det inngjekk i det planlagte Hovlandshagen landskapsvernområde, og at museet ikkje kunne gå med på store inngrep i dette terrenget.

600 kubikk sprengt

Grunneigaren vedgjekk i retten at han kjende til landbruksplanen med innteikna steinalderbuplassar, men valde likevel å engasjera entreprenøren for bortsprenging av stein ved myra.

Om lag 600 kubikkmeter stein var sprengt ut då Hordaland fylkeskommune fekk kjennskap til arbeidet og sende stoppordre 18.november 2008.

- Brudd på kulturminnelovgivningen er svært alvorlig, og tapte kulturminner er uerstattelige. Til sammen gir kulturmninner fra steinalderen et omriss av vår forhistorie som folk og mennesker. Gjenværende levninger fra steinalderen er få, og hver enkelt er av betydning for at arkeologer skal kunne forsøke å tegne et riss av fortiden, går det fram av domspremissane til Sunnhordland tingrett.

Retten peikar på at skade og skjending av kulturminne har skjedd og skjer i stort omfang, noko som gjer det naudsynt med strenge reaksjonar.

I formildande retning i Bømlo-saka nemner retten utilgjengeleg og uklar merking av kulturminnet frå offentlege styresmakter si side.

Dommen inneber høgare bøter enn det aktoratet la ned påstand om i rettsforhandlingane. Aktor bad om 10.000 kroner i bot til grunneigar og maskinførar i tillegg til 60.000 kroner til entreprenørfirmaet.

Les også

Siste fra Lokalt

Demonstrerar mot gengigant

Rundt hundre demonstrantar markerte global motstand mot matgiganten Monsanto, som dei meiner er i ferd med å privatisere klodens matressursar.

o Brann i Jondal

Gressbrann truet hytte. Er nå slukket.

- Jeg brukte 40.000 kroner på hagen,
nå har jeg sluttet å føre regnskap

Etter en kald vår blomstrer handelen igjen på hagesentrene.

Nye rekorder i Ulriken Opp

Favorittene Thorbjørn Ludvigsen og Kirsten Melkevik satte begge nye rekorder i motbakkeløpet Ulriken Opp i ettermiddag.

- Tilstår tyveri av Kina-kunst

En mann har tilstått at de var med å stjele kunstgjenstander fra Kinasamlingen i Bergen.

P-bønnen de nektet å høre på

- Det går an å ha litt forståelse, sier mannen som fikk boten.

Kart

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker