— Her skulle eg altså ha eit hus.

Per Ivar Godvik peikar ut eit søkk i landskapet, halvvegs oppe på ein attgrodd fjellknaus i Godvik. Storhaugen, for lokalkjende.

Gjennom trea skimtar vi utsikta over Hjeltefjorden heilt ut til Øygarden.

For 45 år sidan stod ein ung og entusiastisk Godvik og grov ut det som skulle bli kjellaren i eit nytt hus. Lenger kom han ikkje. Godvik vart skild og flytta til Austlandet.

Har anka til Høgsterett

No er det for seint å byggje noko hus her. I 2000 regulerte Bergen kommune tomta og mesteparten av Godviks del av Storhaugen til friområde. Tre mål utsiktstomt.

Då Godvik fekk vite det, kravde han området innløyst. Kommunen tilbaud han sju kroner kvadratmeteren. 21.000 kroner for ei tomt meklarar meiner er verdt mellom seks og ni millionar som bustadtomter.

Godvik sende saka til byretten, som gav han 150 kroner kvadratmeteren. For mykje meinte kommuneadvokaten, som anka til Gulating og fekk kvadratmeterprisen ned til sju kroner.

No har Godvik anka til Høgsterett.

Han meiner området ikkje blir brukt som friområde av heile byens befolkning, men berre av dei som bur i nærleiken. Det burde gje han ei langt betre erstatning.

- Kan ikkje samanliknast

Godvik har ikkje banka på dørene til byrådet eller andre politikarar i denne saka, slik eigedomsselskapet Lindstow gjorde i samband med utbygginga av Storetveitåsen.

Der greip som kjend byrådsleiar Monica Mæland inn, og gav kommuneadvokaten beskjed om å stoppe førebuingane av eksproprieringa av friområdet.

Mæland meiner dei to sakene ikkje kan samanliknast.

— For Storetveitåsen hadde ikkje grunneigaren kravd innløysing - dei hadde trekt kravet, seier ho.

— Men kvifor skal ikkje Per Ivar Godvik få ein rimeleg kompensasjon, når du har argumentert for at Lindstow bør få det for Storetveitåsen?

— Det har ikkje Lindstow fått.

— Men då du stoppa eksproprieringa, fekk dei høve til å leggje fram ein plan der delar av åsen er regulert til bustader?

— Dei fekk moglegheit til ei omregulering, men vi (byrådet) har ikkje diskutert utbygging på Storetveitåsen. Så vidt eg kan registrere er det ikkje fleirtal for å byggje på Storetveitåsen i bystyret. Eg trur heller ikkje det i byrådet er semje om dette, seier ho.

Følgjer kommuneadvokaten

— Når det gjeld det politiske, er nok eg som Høgre-politikar usamd i jussen (ekspropriasjonssatsane red. mrk.). Men eg held meg til kommuneadvokaten sine vurderingar.

— Men byrådet kunne ha instruert kommuneadvokaten til å godta dommen i byretten?

— Ja, men det er sjeldan vi ikkje følgjer den juridiske vurderinga til kommuneadvokaten, seier Mæland.

— Var så meldinga til kommuneadvokaten om å stoppe arbeidet med eksproprieringa av Storetveitåsen eit enkelttilfelle, og ikkje ei generell melding om eit linjeskifte i ekspropriasjonar av friluftsområde?

— Både ja og nei. Det var ei heilt enkeltståande sak, den einaste ekspropriasjonssaka som då låg for eit grøntområde. Men det er nok slik at eit Ap-dominert byråd og Samarbeidsbyrådet har eit ulikt syn i slike saker, seier Mæland, som understrekar at den viktigaste årsaka til stoppordren i Storetveitåsen-saka var økonomisk.

TUROMRÅDE: Haugen ovanfor huset der Per Ivar Godvik vaks opp er blitt offentleg friområde. Godvik har anka erstatningssaka til Høgsterett.
Helge Sunde