Det har viltnemda i Kvam bestemt. Snøggbåtprodusenten Fjellstrand på Oma kan dermed lade børsene i kampen mot måseplaga.

— Måsane skit ned området. Skiten er sterke saker og svir merke i lakken på båtane og materialar som er lagra på kaien, seier Jarle Tveit i Fjellstrand til Hordaland Folkeblad.

— I tillegg kan dei skapa farlege situasjonar når dei går til åtak på arbeidarar som nærmar seg reira deira, seier han.

Ein båt skal ikkje liggja mange dagar i ro før der kjem reir, i følgje Tveit.

Viltnemda har bede Fjellstrand om å hengja opp skotne måsar som skrekk og åtvaring for dei andre måsane i området.

For diskresjon vil dei daude måsane bli plassert så høgt opp i lufta som mogleg, skriv avisa.

Førebels har Fjellstrand fått løye til å felle 15 individ.

— Eg kan ikkje hugse at viltnemda har hatt ei liknande sak før, seier Jostein Brattabø på landbrukskontoret i Kvam til Hardanger Folkeblad.