I mars i fjor fekk ungdomsskuleelevane gratis skuleskyss på grunn av særs farleg skuleveg. I går vedtok Åsane bydelsstyre å vidareføre ordninga — heilt til vegen er trygg nok.

— Det er gledeleg. Men det er langt igjen til alle kan føle seg trygge på vegen. Liv er i fare kvar dag, det er eit hell at ikkje alvorlege ulukker har skjedd til no, seier Marit Bogetveit Aasen, ei av dei som har engasjert seg sterkt for tryggare veg i Salhus.

I går hadde folk i Salhus nok ein gong mobilisert for mindre trafikk på den smale vegen gjennom bygda. Ei rekkje familiar med små born var møtt opp på bydelsstyremøtet, med plakatar med slagord som «Vi vil behalde barna i Salhus» og «Vekk med lastebilane».

I stadenfor å køyre hovudvegen mellom Norhordlandsbrua og Bergen, vel mange bilistar den smale og svingete vegen forbi Salhus for å spare nokre minutt.

Elevar ved skulen i Salhus må gå langs den smale vegen, utan fortau eller fotgjengarovergang, med trafikk dundrande forbi. I går vedtok Åsane bydelsstyre einstemmig å kjempe vidare for trafikkregulerande tiltak, blant anna forbod mot tungtransport og einvegskøyring i rushtida.

Markus Bogetveit Aasen (åtte og eit halvt år) går til skulen langs den smale vegen. Han kjenner seg bitte-liten når bilane fer forbi.

— Eg likar ikkje å gå åleine, det er skummelt. Eg har lært heime at eg skal sjå meg godt for når eg går over vegen, seier Markus.

- SKUMMEL SKULEVEG: Markus Bogetveit Aasen (åtte og eit halvt år) har ein skummel skuleveg. Foreldra i Salhus gir seg ikkje før vegen er trygg. I går vann dei ein siger i Åsane bydelsstyre.
FOTO: HELGE SKODVIN