No tar fylkessekretæren i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) i Hordaland til orde for å stenge fjorden for meir oppdrett.

Lyse er opprørt over den ukontrollerte oppblomstringa av lakselus på Vestlandet i år, men meiner det ikkje er nokon grunn til å bli overraska.

Som fiskeriminister i Bondevikregjeringa mjuka Svein Ludvigsen (H) opp regelverket slik at det vart lettare å flytte oppdrettsanlegg, samle anlegg til større einingar og utvide produksjonen per konsesjon.

I Ludvigsen sine vedtak ligg mykje av årsaka til at oppdrettsproduksjonen i Hardangerfjorden er meir enn dobla på sju år, meiner Lyse. Det er rett og slett for mykje oppdrettsfisk i sjøen til at lakselusa kan haldast under kontroll.

Lytta til industrien

— Ludvigsen lytta til industrien og pengane, trass i at alle fagetatar frå miljøsida sa at dette ikkje var gunstig. Han kan ikkje berre få kreditt for å skaffe meir pengar i kassa ved å sleppe fleire anlegg inn i fjordane, og så sleppe unna når det går åt skogen, seier Lyse.

Lyse har sjølv observert at sjøauren har gått opp igjen i elvane for å bli kvitt lakselus i staden for å beite i sjøen slik den skulle på denne årstida.

— I år ser det ut som om det blir eit nytt katastrofeår slik som i 1997 då det vart drepe ned enorme mengder med sjøaure. Mange plassar tok det mange år før sjøauren vende tilbake, seier Lyse.

Ikkje meir fisk

I første omgang vil Lyse hindre auke i mengda av oppdrettsfisk i Hardangerfjorden, der presset er størst. I neste omgang må det vurderast å redusere oppdrettsverksemda.

Men restriksjonar på mengda oppdrettsfisk er ikkje nok. Lyse har fleire framlegg til endringar.

n Fiskeridirektoratet skal ikkje kunne overprøve miljøråd frå Mattilsynet og Fylkesmannen om kor mykje oppdrett det er plass til i eit område.

n Mattilsynet må auke lusekontrollen av oppdrettsanlegg. I dag er innsatsen for liten og for usystematisk.

n Det må bli obligatorisk for alle oppdrettarar å ta del i samarbeidstiltak mot lakselus etter modell av samarbeidet i Hardanger Fiskehelsenettverk.

n Det må meir omfattande forsking på og årleg kartlegging av lakselusutviklinga i fjordane.

Ludvigsen avviser kritikken

Svein Ludvigsen er i dag fylkesmann i Troms. Han vil ha meir kunnskap før han svarar på om Lyse gjer rett i å gi han ansvaret for luseplaga.

— Om ein eller annan i Jeger og fiskerforbundet meiner det så er det noko eg berre må ta til etterretning. Eg vil nok vente og sjå om det er fagleg belegg for ein slik samanheng, seier Ludvigsen.

Ludvigsen avviser at han ikkje lytta til miljøfaglege innvendingar før han gjorde det lettare å flytte oppdrettsanlegg og samle drifta i større einingar.

— Vi hadde (framlegget, red. merknad) ute på høyring og etter ei samla vurdering tok vi denne avgjerda, seier Ludvigsen.

MEIR LAKS: Tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen (biletet) lytta ikkje til miljøinnvendingane då han mjuka opp regelverket og let oppdrettarane få auke produksjonen, meiner Alv Arne Lyse i Norges Jeger og Fiskerforbund.