Begge imponerte slik under avslutninga av verdscupen i Myrkdalen sist veke, at landslagsleiinga no har bestemt seg for å gje begge to ein sjanse på laget som skal til VM i fristil i japanske Inawashiro.

– Utruleg kult, utbryt Vinjar Slåtten.

– Eg satser jo hardt, så det er sjølvsagt veldig motiverande å få bli med til VM, seier 18-åringen. Han var uheldig med løpet sitt i den individuelle konkurransen i Myrkdalen på fredag, men tok sitt monn igjen dagen etter. Då tok han ein oppsiktsvekkjande andreplass i paralell kulekøyring i Kari Traa sitt invitasjonsrenn. Rennet talte ikkje i verdscupen, men vossingen tok uansett skalpen på mange av dei beste løparane i verda fram mot ein finale der han møtte verdscup-leiaren Alexandre Bilodeau frå Canada.

Der måtte han melda pass, men uansett rakk han å få vist seg så pass bra fram at han vart løna med ein VM-billett.

Det gjorde også Tevje Lie Andersen, som klarte åttandeplass i same rennet.

– Eg er jo yngste deltakar i verdscupen, så då blir eg vel det i VM og. Men uansett er det veldig gøy å få sjansen til å reisa til VM og kjenne på nivået, seier han. Sjølv har han alt vore både i USA og Canada og køyrd verdscup, og han føler at han har tatt nye steg heile tida.

– Det trur eg er fordi eg har fått sjansen til å køyra mot dei beste. Det lærer eg masse av, seier 17-åringen, som har VM på Voss i 2013 og OL 2014 som mål.

Svensken som er sjef for det norske kulekøyringslaget, David Kantermo (28), har dette å seia om uttaket til VM:

– Vi har fleire utøvarar for framtida, og det er viktig at to av våre beste kort får sjansen i VM. Vinjar Slåtten og Tevje Lie Andersen har gode mulegheiter for å stabilisera seg i den ypperste verdstoppen om nokre år, meiner svensken.

– Vi ser heilt fram til VM på heimebane i 2013 på Voss, og OL i Sotsji i 2014 med desse to. Begge er veldig unge, og det er viktig med rutine og erfaring, understreker han. Kantermo seier til BT at begge har basisferdigheitene som trengst, men at dei må konkurrera mykje dersom dei skal prestera stabilt i toppen.

Han tar med seg begge til Åre for VM-oppladning denne veka. Der er det nemleg ein bakke som liknar litt på VM-traseen. Avreise til Japan er til helga, og ifølge Kantermo kan begge overraske.

– Kulebakken i Japan er ekstremt bratt, rundt 34-35 grader. Kjører dei teknisk bra og får klaff på hoppa, kan dei koma høgt opp. Mange vil gjera feil på grunn av den bratte bakken, trur Kantermo.

  • Dei tre andre på VM-laget i fristil er alle skicrossløparar: Det er Audun Grønvold, Martine Remsøy og Gro Kvinlog.
VM-KLAR: Vossingen Vinjar Slåtten (18) er tatt ut til VM i fristil i Japan. Her ser vi han i aksjon under verdscupen i Myrkdalen sist veke. FOTO: MARIT HOMMEDAL, SCANPIX
Hommedal .Marit