Dei 11 mastemotstandarane som let seg pågripa av politiet under ikkje-valdelege demonstrasjonar har nekte å vedta førelegga, og må møta i Norhordland Tingrett.

Vil argumentera

Det er venta at dei vil nytta høvet til å argumentera for standpunktet sitt mot bygging av ei 420 kV kraftline mellom Simadal og Samnanger i luftspenn.

Straffesaka er tidfest til 6. september.

Krev dom for bøtene

Påtalemakta vil be Tingretten døma demonstrantane til å betala bøtene. Sidan dei ikkje nytta høvet til å gjera opp for seg utan rettsak, kan dei også bli dømde til å betala sakskostnader, det vil seia noko av det rettargangen kostar samfunnet.

— Vi vurderar å skaffa oss ein advokat til å hjelpa oss, for ingen av oss har vore i ei rettsak før, seier Synnøve Kvamme frå Granvin til avisa Hordaland.

Mikrofonstativ

Påtaleansvarleg Marita Mellingen seier til avisa at det er opp til dommar og meddommarar i kor stor grad aksjonistane får høve til å greia ut om saka som er bakgrunnen for aksjonen.

Synnøve Kvamme seier dei vil nytta sjansen til å leggja fram saka si, og forklara kvifor dei ikkje godtek bota.