— Eg møtte far i luftegarden kvar dag, under heile perioden me sat fengsla saman - omtrent ein månad. Heile tida pressa han meg til å endra forklaring, og leggja vekt på at han var uskuldig.

Smisking

Dette fortalde den hovudtiltalte 27-åringen då han heldt fram forklaringa si i Gulating lagmannsrett i går. Han opplyste at faren var roleg, blid og venleg i tonen i fengselet, gav han pengar og kjøpte anlegg til han.

— Det oppfatta eg som rein smisking. Han følgde opp med å fortelja meg kva han hadde sagt i si forklaring, slik at me kunne samkøyra oss.

Dette enda med at 27-åringen beskytta far sin i tingretten.

— Eg hadde eit sterkt ønskje om å fortelja sanninga i tingretten. Men eg våga ikkje. Eg var redd for følgjene det kom til å få.

Brev

Etter at faren vart lauslaten 18. november, skal han ofte ha tinga besøk hos sonen, så ofte at verken 27-åringen si mor eller søster fekk innvilga tid saman med han.

— Under eitt av desse besøka påla far meg å skriva eit brev der eg fritok han for all skuld i Asbjørn Hvidevold sin død. Eg skulle også be han om unnskulding for at eg hadde trekt han inn i saka. Målet var sjølvsagt at politiet skulle lesa innhaldet i brevet.

— Skreiv du brevet, spurte 27-åringen sin forsvarar, Karen Forbrigd.

— Ja.

— Kvifor?

— For meg var det ingen annan utveg. Eg har alltid måtta gjort det far min har bede meg om. Slik har det alltid vore frå eg var liten.

Bibelsitat

Både i fengselet og etter lauslatinga skal faren ha overøst sonen med bibelsitat frå Lukas og Johannes. Felles er at dei handlar om forholdet mellom far og son.

— Han sa at eg var flink gut, at alt kom til å ordna seg. Han sa at eg kom til å få det godt i fengsel. Der ville eg få gratis utdanning.

— Korleis tolkar du bodskapen i bibelsitata, spurte Forbrigd.

— At far er Gud og eg ein disippel. Hans ord er mi lov. Det er ikkje før det siste halve året eg har skjøna kor manipulert eg har vore. Uansett kva han har sagt, så har eg gjort det.

Forklaringa står i sterk kontrast til kva faren har sagt tidlegare.

— Eg føler ingen glede ved å verta lauslaten. I dag sørgjer eg berre over at eg har mista ein son. Sjølv om eg vert reinvaska, er eg ikkje fri. Eg vil alltid tenkja på sonen min, sa han i eit intervju med BT 19. november 2005.

- Kritikkverdig

Statsadvokat Benedicte Hordnes tykkjer det er uheldig at far og son har delt luftegard. Forsvararane til 27-åringen og 21-åringen - høvesvis Karen Forbrigd og Odd Drevland - går endå lenger.

— Eg finn det sterkt kritikkverdig. Ein må unngå at eit vitne vert påverka til å endra forklaring i favør av andre involverte i saka, men dette må politiet og fengselsvesenet svara for, seier Forbrigd.

— Dette er frykteleg rart. Særleg ettersom politiet allereie på det tidspunktet meinte at faren var hovudmannen. I slike tilfelle er det også vanleg at dei sikta vert plassert i forskjellige fengsel. Vonleg reparerer lagretten skaden og gjev 27-åringen redusert straff, seier Drevland.