— Å stå der med det kjæraste du har i hendene, og bli avvist ... Det er ein umenneskeleg situasjon. Leiar i Åsane bydelstyre, Arvid Blommedal (FrP), har reagert sterkt på historia om Stian André Gjøvåg. Han vil ta denne saka opp som spørsmål på det første bydelstyremøte etter sommarferien.

— Vi må få vite kva som har skjedd, og korleis dette er mogleg. Hvis nokon har brote regelverket, må det få konsekvensar for den enkelte. Hvis helsepersonellet har fulgt regelverket, må regelverket endrast, meiner Blommedal.

- Finne løysingar

I går skreiv BT om sju år gamle Stian André Gjøvåg, som fekk sitt kraftigaste epilepsianfall til no utanfor Åsane Senter. Likevel vart han avvist ved to legekontor i Åsane, då den livredde mor hans kom berande med ungen i armane.

Først då dei kom til Bergen Legevakt, fekk Stian André legehjelp, og vart straks sendt til Haukeland sykehus. - Eg har ikkje problem med å forstå den fortvilinga som foreldre må føle i ein slik situasjon, men eg kjenner saka berre gjennom media. No må vi vente til administrasjonen i Åsane bydel har undersøkt saka, understrekar Blommedal.

— Men det er vår jobb som politikarar å finne ut kor det sviktar, og så finne betre løysingar, slik at det ikkje skjer igjen.

- Svært uheldig

Stian André vart avvist ved to legekontor, men ikkje i noko tilfelle vurdert av lege. Kvar gong var det helsesekretærane som tok avgjerda om å avvise den akutt sjuke sjuåringen. - Det er vanleg rutine at helsesekretæren vurderer hastegrad i kvart tilfelle. Er sekretæren i tvil, er det vedkommande sitt ansvar å konferere med legen, seier president i Den norske lægeforening, Hans Kristian Bakke, til BT. - Som president i legeforeningen, korleis reagerer du på denne historia?

— Eg vil ikkje kommentere denne konkrete saka, men føreset at helsesekretærane i dette tilfellet ikkje oppfatta situasjonen som så alvorleg at det ville vere uforsvarleg å sende barnet vidare. Men hvis det som har kome fram er riktig, er det svært uheldig.

— Bør saka få konsekvensar?

— Det må det eventuelt bli opp til Fylkeslegen å vurdere.