— Eg tenkte berre på å redda liv og halda varmen. Om vinteren grev folk seg ned i snøen, men me hadde ikkje snø - berre lyng, seier Roy Martin Ellingsen.

Det er dagen derpå for yrkesfiskaren og sonen hans etter den dramatiske søndagsturen i ein 18 fots båt vest i havgapet på Bømlo. Målet var å samla rekved, men det kunne ha kosta dei livet.

Defekt redningsvest

Firebarnsfaren frå Sæverudsøy har vore yrkesfiskar i snart 28 år, men aldri vore ute for noko så dramatisk tidlegare.

I området rundt Rogøy er berga blankskurte og gule. Smale sund fører ut mot storhavet. Denne dagen var det fint og stille bak holmane. Far og son skulle samla rekved.

I eit av sunda ved Kubbholmen var det mykje havskum som sonen blei fascinert av.

— Plutseleg kom det ein stor bråttsjø. Eg prøvde å køyra frå bølgjen, men han innhenta oss. Vatnet fløymde over hekken på båten og var over oss på få sekund, seier Ellingsen.

Ein augneblink var allting svart. Så kom han oppatt og såg at sonen låg og flaut med oppblåst redningsvest ved den kantra båten. Hans eigen oppblåsbare Regatta-vest reagerte ikkje.

— «Du må dra i snoren pappa!», ropte sonen min, men ingenting skjedde, seier han.

- Ingen mobildekning

Han konsentrererte seg om å halda seg flytande saman med sonen. Gjennom eit sund med bratte fjell på båe sidar, rekte dei kring 250 meter før dei såg ein hukk i berget.

— «Me må symja bort dit,» ropte eg til sonen min.

Heilt medteken av symjeturen, blei faren hengjande på berget før han klarte å koma seg opp og dra sonen opp av vatnet.

— Virker mobilen din, pappa, spurde guten.

Ellingsen kikka på mobilen. Klokka viste 15.26, men det var ingen dekning.

— Me kjente brått kor kalde me var. Eg var kledd i varmedress, men hadde ikkje ullklede innerst. Heldigvis hadde sonen min det, seier 43- åringen.

Jogga på sokkeleisten

Dei kom seg opp på toppen av holmen som var kring 100 meter brei og 300 meter lang. På toppen fekk han dekning på mobilen, men då han trykte tastelåsen, gjekk mobilen i svart.

— For første gong tenkte eg at dette blir ikkje lett, seier Ellingsen.

Han beordra sonen til å jogga. Støvlane hadde dei sparka av seg i sjøen. Dei sprang på berre sokkeleisten.

— Me jogga heilt til me ikkje orka meir, seier 43-åringen.

Under ein hidlar fann dei ly frå nordavinden og haglbygane som herja søndag.

I ein time sat dei under hidlaren medan faren strauk og knekte på føtene til sonen. Faren opna sin eigen varmedress for å dela varmen, sjølv om det gjorde at han fraus meir.

— Endeleg fekk eg varme i guten min, og ullkleda innerst på kroppen hans begynte å virka, seier Ellingsen.

- Falsk tryggleik

Medan guten sat i ro under hidlaren, gjekk faren på leit etter ei anna hole på holmen kor dei kunne søkja betre ly. Han samla store mengder lyng og laga ei bjørnehole. Der sat den røynde fiskaren seg til med med sonen på fanget, fullstendig dekka av lyng. Berre hovudet stakk opp.

Sonen sin redningsvest bant han fast i fjøresteinane for at søkjemannskap skulle kunne sjå refleksane på vesten.

— Eg tenkte at dei ville sjå refleksane sjølv om me skulle sovna i hola, seier han stille.

Sin eigen redningsvest spretta han opp for å bruka til hette. Det var då han såg kvifor ikkje vesten hadde blåst seg opp.

— Regatta-vesten til 1600 kroner mangla patron. Det var rett og slett ein feilproduksjon. Der har eg gått rundt med redningsvest i god tru, men det var berre falsk tryggleik, seier Ellingsen opprørt.

- Har fått livet i gåve

Mørket kom tidleg. Månen skein mellom haglbygane. Det var to til tre grader i lufta.

Heime var kona til Ellingsen begynt å ana uråd. Klokka 19.45 varsla ho Raude Krossen og naboar som straks gjekk ut i båt for å søkja. Klokka 20.30 blei dei funnen på holmen.

— Eg visste det ville koma hjelp, men ikkje kor tid. Eg konsentrerte meg om sonen min og me førebudde oss på at me gjerne måtte sitja der natta ut, seier Ellingsen.

Dagen derpå kimar telefonen i eitt sett. Det har blitt mange varmande ord, men og litt skjenn, vedgår faren.

— Sonen min har det tilsynelatande bra. Han har fått fri frå skulen, slik eg lova han då me blei redda.

- Korleis har du det sjølv i dag?

— Eg er ein person som flirer og ler. Det gjer eg i dag og, sjølv om eg sikkert kan få ein reaksjon på dette i etterkant. Eg har fått livet i gåve og sonen min i gåve. Det er alt som betyr noko.

I TRYGGLEIK: Far Roy Martin Ellingsen (43) held godt rundt sonen Bjørn Fredrik Ellingsen (11). Måndag var dei ute i havgapet for å sjå etter båten som forliste søndag, men dei fann han ikkje. Her saman med Tom-Jarle Torkelsen som er søskenbarnet til Ellingsen og var med i båten som til slutt fann dei to skibbrudne.
HÅVARD HAMMARSTRØM/BØMLO-NYTT