Politiet trur 52-åringen omkom i eit fall, anten frå ein nær fire meter høg steinmur eller ei bru som går inn til andre høgda på forretningsbygget. Mannen blei funnen omkomen på asfalten.

– Så langt har det ikkje kome fram noko som endrar på det vi opplyste søndag kveld om at skadane mannen har, kan samsvare med skadar som stammar frå eit fall, seier i Førde og Naustdal, Kjell Fonn.

Obduksjon

Dei tekniske etterforskarane frå Kripos avslutta sitt arbeid på staden der mannen blei funnen natt til måndag. Tidleg måndag morgon blei området frigitt av politiet.

– Det er ikkje gjort funn på staden som gjer at vi vurderer saka annleis enn det politiet gjorde søndag kveld. Vi vil likevel ikkje trekkje noko endeleg konklusjon før vi har fått obduksjonsrapporten, seier lensmannen.

Den døde blei i går send til Bergen, og skal etter planen obduserast på Gades Institutt i dag. Kriposetterforskarane skal rutinemessig vere med under obduksjonen. Fonn seier han reknar med å få konklusjonane frå obduksjonsrapporten i ettermiddag.

Sett åleine

Lensmannen seier dei no har rimeleg sikre observasjonar av 52-åringen også seinare på natta enn det som var kjent søndag kveld. Klokka 02.07 natt til søndag blei det ringt inn ei melding om ein mannsperson til politiets operasjonssentral i Florø. Meldinga galdt ein person som var sett gåande åleine i nærleiken av staden der han seinare skulle bli funnen død.

Opplysningane om at han er sett også etter dette, kom i går fram i avhøyr av kollegaer som var med på det private julebordarrangementet i Førde. Som meldt i Bergens Tidende i går var 52-åringen deltakar på eit privat vennearrangement for tilsette i ei bedrift i Florø.