Denne veka blir 150-fotaren offer for Scandinavia Metall sine kraftige stålsakser på Stord. Etter opphogginga blir «Strilmøy» sendt i småbitar til omsmelting i Nederland, for å få eit nytt liv i teneste for tysk bilindustri.

— Denne dama har tent kongeriket lenge og skaffa landet hardt tiltrengt utanlandsk valuta. Sjølv på «dødsleiet» tener ho eigarane og landet med at ho blir opphogd på norsk jord og skaffar oss valuta når stålet blir selt utanlands, seier Karsten Høyland i Sartor Shipping i Sund.

Trist syn

Med vemod har Høyland sendt båten til opphogging. Ei ribba «Strilmøy» har vore eit trist syn ved kai på Leirvik og Eldøyane på forsommaren.

Sotra-reiaren har godt innblikk i båtens historikk. Han fortel at skuta har skifta namn fem gonger sidan Kaldnes Mek. Verksted i Tønsberg leverte henne som dampdriven kvalfangar i 1927. «Herkules I» var namnet til 1934, deretter «Vestfold IV» til 1939.

Kvalfangaren blei kjøpt som «Rau XI» til Sotra i 1950, omgjort til ringnotsnurpar og omdøypt til «Anna G».

Ut av fiske - inn i olje

Austevollsreiarar dreiv henne vidare som ringnotsnurpar under namnet «Grethe Kalve» frå 1974 til 1980, då ho blei kondemnert som fiskefartøy.

Simon Møgster var reiaren som såg kvalitetane i det gamle skroget og fekk henne bygt om til supplybåten «Strilmøy».

Møgster gjorde «Strilmøy» til ein av pionérane i den maritime servicetenesta rundt oljeeventyret i Nordsjøen. I heile 23 år var båten på kontrakt for Statoil offshore. Inntil nye og strengare krav i fjor gjorde det uråd for «Strilmøy» å halda fram i aktiv teneste.

Ei stolt skipshistorie går opp i småbitar like utanfor Aker Stord om få dagar.