Brotsverka skjedde i prøveperioden få månader etter at han var dømt for fleire forhold hausten 2000.

Han skulle dermed hatt fengselstraff utan vilkår, men retten viser til 19-åringen sin vanskelege oppvekst og meiner han bør få ein sjanse til.

Også aktor i saka bad om samfunnsteneste avdi han meinte ungdommen var i stand til å leggja om livsførsla.

I tillegg til samfunnstenesta må 19-åringen betala 3000 kroner i bot, vel 30.000 kroner i erstatning for ein ramponert bil og 15.000 kroner i erstatning for ei knust glasrute i Kulturhuset Husnes.