Fjord1 har no fått Vegdirektoratet med på ein ny avtale som sikrar selskapet vel 26 millioner kroner frå staten pr.år i perioden 1. januar 2007 til 31. desember 2016.

Fjord1 vann tilbodet om dei to store ferjesambanda Halhjem-Sandvikvåg og Arsvågen-Mortevika hausten 2004. Selskapet vann fram med eit tilbod om berre 15 millionar kroner i året frå staten for å driva dei to ferjesambanda med to gassferjer i Rogaland og tre i Hordaland. Einaste konkurrenten, HSD/Stavangerske, var sjanselaus med sitt tilbod, som ville kosta staten 73 millionar kroner i året.

Men det gjekk ikke lang tid før Fjord1 kom fram til at dei måtte kreva meir. Nye redningsmiddelforskrifter frå Sjøfartsdirektoratet førde til at Fjord1 måtte droppa sitt opphavlege opplegg med tre store ferjer og to litt mindre, og satsa heilt og fullt på fem i full storleik.

I ei pressemelding skriv Vegdirektoratet at endringa som no er gjort i driftsavtalen, har heimel i den fyrste avtalen mellom Fjord1 og Statens vegvesen frå desember 2004.

Då Fjord1 utpå nyåret 2005 kom til at dei måtte byta ut dei to minste ferjene med to store, vart det hevda at dei nye redningsmiddelforskriftene frå Sjøfartsdirektoratet var i kjømda på det tidspunktet HSD/Stavangerske og Fjord1 la inn sine tilbod på dei to ferjesambanda.

Med andre ord: Fjord1 burde tatt høgde for dette og rekna det inn i sitt tilbod til Statens vegvesen, vart det sagt.

Med den store avstanden i tilboda mellom Fjord1 og HSD/Stavangerske, ville dette likevel knapt hatt noko å seia for utfallet av tilbodskonkurransen.