— Ikkje visste eg at dei skulle til Halsnøy, ikkje hadde eg peiling på kor Asbjørn Hvidevold budde, sa den 62-årige austevollingen i Sunnhordland tingrett i dag då han blei spurt ut om sin kjennskap til sonen og ein 20-årig sjåfør sitt fatale oppgjer med Hvidevold på Halsnøy.

Aktor Benedicte Hordnes pressa 62-åringen hardt for å få vita kva han og sonen snakka om i dei mange telefonsamtalane mellom dei både drapsdagen 18.oktober i fjor og dagen derpå.

Asbjørn Hvidevold var aldri tema i desse samtalane, det handla om jobb og sonen sin pengemangel, forklarte 62-åringen. Først tre dagar etter drapet hevdar den medverknadtiltalte faren at han fekk greie på at Asbjørn Hvidevold var drapsofferet. Det skjedde ved at han ringte folk med lokalkunnskap på Halsn-øy, etter at han hadde høyrt om drapet i fjernsyn og radio.

Drukninga

62-åringen måtte i retten i dag også forklara seg om forholdet til Abjørn Hvidevold, som ei tid budde på Austevoll og var sambuar med ei kvinne som 62-åringen før hadde budd saman med i ti år.

— Eg og Asbjørn hadde eit greit forhold, både før og etter det som skjedde med Bente, sa 62-åringen. Bente Bjørgen, kvinna som både Hvidevold og 62-åringen hadde eit forhold til, drukna på Austevoll i 2003.

Etter drukninga sette 62-åringen i gong private undersøkingar for å få oppklart kva som hadde skjedd med Bjørgen, fordi lensmannskontoret ifølgje 62-åringen ikkje ville etterforska.

62-åringen kontakta to synske personar som begge skildra drukninga som mystisk. Det førte til at 62-åringen ringa inn to personar som kunne medverka til drukninga, Hvidevold var ein av dei.

- Fortente ikkje å dø

I retten blei det spelt av politiavhøyr der 62-åringen omtalte Hvidevold som ein person som ikkje fortente å døy. Han burde leva resten av livet og lida med samvitet sitt.

62-åringen tok dels fråstand for slike formuleringar i retten, men vedgjekk at han kunne vera oppfarande og uttala seg bastant.