Norske verpehøns harprodusert egg for harde livet for å stette påskeetterspørselen. Men eigentleger mange av dei overflødige.

Førtidsslaktinga av verpehøns har teke ein pause i påskengrunna nordmenns store egg-sug under denne høgtida.

Men i neste veke ergasskammeret neste for overflødige fjærkre i hønsehusa.

For 2011 ligg det an til ein overproduksjon på 800 tonn egg.Derfor må mange verpehøns døy i altfor ung alder, det vil seia ned mot 60 vekeri staden for normal slaktealder på 76 veker.

Overproduksjon

Eggsamvirket og marknadsregulatoren Nortura merkaoverraskande tendensar til overproduksjon tidleg på nyåret, og tilbydde eggbøndeneførtidsslakting med økonomisk kompensasjon, i første omgang fram til 3.april.

Men til påske et vinordmenn dobbelt så mykje egg som elles i året, og det var bruk for kvareinaste av våre totalt rundt 3,5 millionar verpehøner også før årets påske.

Derfor blei førtidsslaktinga utsett til over høgtida, forklarar Aksel Fiskaa,organisasjonssjef for egg i Nortura.

Nye forskrifter

Ifølgje Hans ThornWittussen i Nortura Totalmarked, er årsakene til overproduksjonen nyetableringari bransjen og tidlegare innfasing av nye hønsehus enn rekna med.

Talet påverpehøns vil truleg halda seg på samme nivå som før, dels fordi fleireprodusentar — særleg i Trøndelag - etablerer nye hønseri og aukar hønetalet tilmaksimum konsesjonsgrense på 7500 fuglar.

Gassa med CO2

Norske verpehøns produserer i snitt eitt egg om dagen frådei er 20 til dei er 76 veker gamle.

Deretter blir kvar besetning sende samlatil avliving ved hjelp av CO2-gass og destruksjon. I dag blir berre rundt tiprosent av hønene slakta og brukt som matvare.

Nortura-samvirket sin private konkurrent i eggmarknaden, Cardinal Foods skrivpå sine nettsider at mange bønder vegrar seg mot førtidsslakting fordi dei serkompensasjonen som altfor låg.

Synspunkt på saka? Sei meininga di.

EGG: For 2011 ligg det an til ein overproduksjon på 800 tonn egg.FOTO: ØRJAN DEISZ