Tre menn i teneste for Aker Kværner og ei flyvertinne omkom i ulukka som skjedde då eit Atlantic Airways jetfly av typen BAe 146 skleid ut av rullebanen på Stord lufthamn og tok fyr.

Det færøyiske flyet var innleigd av Aker Kværner og skulle mellomlanda på Stord på veg frå Stavanger til Molde med personell til Ormen Lange-anlegget. Problem med flapsane er sannsynleg årsak til at flyet ikkje greidde å stansa på rullebanen.

Utgir rapport

– Vi er rimeleg sikre på kva som var hovudårsak til at flyet ikkje greidde å stoppa i tide. Men vi må ha på plass fleire detaljar om årsakene til at ting ikkje fungerte som dei skulle, seier undersøkingsleiar Birger Bull i havarikommisjonen.

Kommisjonen offentleggjer i løpet av oktober ein kortfatta 12-månadersrapport om Stord-ulukka. Det vil enno gå ei tid før hovudrapporten er klar, opplyser Birger Bull til Bergens Tidende.

– Det er eit møysommeleg arbeid. Flyet var utbrent, det er sparsamt med bevis. Men vi har tre besetningsmedlemmer og fleire passasjerar som overlevde, vi har heile taleregistratoren og deler av ferdskrivaren og vitne på flyplassen, seier Bull.

Deltek ikkje

På minnemarkeringa på Stord lufthamn Sørstokken onsdag vil pårørande få høve til å leggja ned blomar og tenna lys. Det er Aker Kværner Elektro, Aker Kværner Stord, IKM AS, Stord Offshore, Atlantic Airways og Stord lufthamn som står bak markeringa.

Ein prest skal leia minnestunda, og det skal leggjast ned krans.

Arthur Evertsen frå Stavanger har gjort det klart at han ikkje ønskjer å delta. Han mista sonen Martin Charles (25) i ulukka, og har politimeldt både Aker Kværner, flyselskapet og flyplassen.