John Per Solheimsnes frå Jølster er lam i heile kroppen etter at han fekk muskelsjukdomen ALS. Fem gonger i året treng han behandling på sjukehus.

Med bakgrunn i prinsippet om fritt sjukehusval søkte Solheimsnes om å få behandlinga ved sentralsjukehuset i Møre og Romsdal, og ikkje ved sjukehuset i nabokommunen Førde. Får å få behandlinga i nabofylket, er det nødvendig med transport i luftambulanse. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane avviste søknaden, men no har Helsedepartementet sagt ja.

— Lova om fritt sjukehusval gjev alle pasientar som har behov for det rett til å nytte helikoptertransport, seier politisk rådgjevar i departementet, Pål Christian Roland, til NRK Sogn og Fjordane.

Helsedepartementet vedgår at lova om fritt sjukehusval har vore ufullstendig.