63 deltakarar frå COOP-lag i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal reiste sist fredag til Oslo der dei gjekk på Kielferja. Styremedlemer og tilsette, dei fleste butikkstyrarar, blei samla på båttur for å diskutere ulike framlegg til ny styringsordning for selskapet.

— Det er slikt som dette som gjer at eg er i ferd med å bli litt apatisk til heile systemet. Eg kjenner meg ikkje att i den gamle samvirkelagsrørsla, kommenterer leiar i styret for COOP Brekke, Bjarne Dåe. Han takka sjølv nei til å vere med:

— For eit lite lag som vårt, var det heilt uaktuelt å vere med på noko slik. Etter mitt syn er dette å setje dei små laga utanfor.

- Heisatur

Torodd Fagerheim, styremedlem i COOP Dale, er endå meir kritisk:

— Dette kan lett bli oppfatta som samanblanding av betalt heisatur og drøfting av alvorlege spørsmål som gjeld framtida. Vi har vore stolte over medlemskapsordninga vår. Når denne no er under press, blir debatten lagt til ein arena langt vekke frå distrikta han gjeld. Dette utarmar eit viktig ordskifte, meiner Fagerheim.

Leiar i styret for COOP distriktslag Vestlandet, Geir Dalland, seier han ikkje er kjend med kritikken.

— Det er første gongen vi har arrangert ein konferanse på denne måten. Vi skal ha ei evaluering av korleis denne nye vrien fungerte, og då er vi interesserte i å få fram ulike synspunkt.

— Ser du at det er eit poeng at ein så viktig debatt blir flytta vekk frå området det vil få konsekvensar for?

— Nei, eg har ikkje tenkt i dei baner, svarar Dalland.

Nokre frå utvalde

På eit fellesmøte alt i september drøfta fleire mindre COOP-lag i Sogn og Sunnfjord turen med Kiel-ferja. Laga blei då samde om å protestere:

— Ferjemøta blir i dei fleste miljø rekna som lite seriøse, uttalte COOP-laga den gongen. Likevel valde fleire av laga som har vore kritiske til opplegget å sende representantar. Dette kjem Fagerheim til å ta opp på neste møte i sitt eige COOP-lag:

— Distriktslaget på Vestlandet har blanda saman ein betalt handletur med det som burde vore ein open demokratisk prosess. Ein prosess som eventuelt skal ende opp med ei ny styringsform for selskapet.

Mindre medlemsstyrt

Debatten om ein ny styringsskipnad for COOP skal avgjerast på landsmøtet til våren. I mange lokale samvirkelag er det stor uro for at medlemene skal misse makt og påverknad.

— Etter mitt syn blir det lagt opp til ordningar som heilt klart vil gå på kostnad av medlemsstyret. Dette er brot med den ideologien samvirkelaga blei tufta på og har vore styrt etter. Medlemsstyret er også snart det einaste som skil oss frå Rema, Rimi og andre kjedar. Det er vårt viktigaste konkurransefortrinn, meiner Fagerheim.

Også distriktslagsleiar Dalland vedgår at medlemsdemokratiet kan bli redusert:

— Nokre modellar ivaretek medlemsinteressene mindre enn andre, seier Dalland. Han vil ikkje gå i detalj om kva framlegg som ligg på bordet, fordi dette så langt er interne forhold.