– Torsdag vert det fleirtal for S 9, med veg gjennom Nordrepollen. Det er dette vegvalet vi har stått på heile tida, og det er dette alternativet som samsvarar med finansieringsplanen for Jondalstunnelen, seier Synnøve Solbakken, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Kvinnherad kommunestyre, til Bergens Tidende. (sjå grafikk).

Dersom dette slår til, betyr det at fylkeskommunen og Kvinnherad sparar 19 millionar kroner kvar, som måtte til for å fylgja opp vedtaket i Kvinnherad kommunestyre frå 9. februar.

Den gongen vedtok kommunestyret, med ordførar Bjarne Berge si dobbelrøyst, å gå inn for S 6. Det er ein lengre tunnel, men han sparer bygda Nordrepollen for store inngrep i landskapet.

Anten, eller!

Men prisen låg 38 millionar kroner over den finansieringsplanen på 529 millionar som fylkestinget vedtok 4. mai 2005.

I går vedtok fylkestinget å løyva sine 19 millionar kroner etter ein avtale inngått mellom fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og ordførar Bjarne Berge. I same vedtaket forlangte fylkestinget at kommunestyret i Kvinnherad anten gjer likt vedtak, eller går attende til S 9, med veg gjennom Nordrepollen.

Synnøve Solbakken seier til BT at Ap. i Kvinnherad ikke vil røysta for å gje 19 millionar til Jondalstunnelen. I BT tysdag 14. mars sa gruppeleiarane for SV, H og Frp det same. Men då var det alt i gang eit arbeid for å samla fleirtal for S 9-alternativet. Torfinn Myklebust frå Høgre var aktiv, og Synnøve Solbakken stadfester at fleire parti har snakka saman.

– Betyr dette at det vert fleirtal for eit forslag om å gå for S 9 torsdag?

– Ja, svarar Synnøve Solbakken.

– Kvinnherad vil ha Jondalstunnelen. Vi har eit ansvar for å få saka fram, og dette ansvaret vil vi fylgja opp, legg ho til.

– Ørkenvandring

I går var det ein tydelig irritasjon i fylkestinget på grunn av ulike opplysningar om kva kommunepolitikarane i Kvinnherad ville finna på.

– Vi har kome i stuss om korvidt avtalen mellom fylkesordføraren og ordføraren i Kvinnherad vert fylgt opp, sa Gisle Handeland, Ap. Eli Årdal Berland, H, spurde rett ut om Kvinnherad i det heile er interessert i Jondalstunnelen. Gisle Handeland, Ap, meinte at dersom Kvinnherad no sa nei til løyvinga utan å koma opp med noko anna (les: gjera om vedtaket frå 9. februar), så ville Jondalstunnelen hamna ute på ei lang ørkenvandring, og i alle fall ikke koma til Stortinget i 2006.

For seint

– Vert vedtaket i morgon slik Synnøve Solbakken seier, betyr det at Jondalstunnelen har godkjende planar som samsvarar med finansieringsplanen. Saka kan då sendast vidare frå fylket til Samferdselsdepartementet. Men samferdselsminister Liv Signe Navarsete har skrive til fylkeskommunen at det no er for seint å få ein stortingsproposisjon ferdig til påske.