• Naivt og ubegripeleg, seier leiinga i Arbeidernes Edruskapsforbund om at ein sexdømt med vitande og vilje vart brukt som leirleiar for barn.

Den sexdømte 40-åringen frå Bergen har trekt seg frå alle verv i Arbeidernes Edruskapsforbund (AEF) etter gårsdagens oppslag i Bergens Tidende om fortida hans. Han skal heller ikkje vere leiar for barne— og ungdomsleirar til sommaren, slik planen var, og slik han har vore tidlegare.

Dersom mannen ikkje sjølv hadde trekt seg, ville forbundsleiinga gått inn for å kaste han ut.

— Eg trur nok vi måtte tatt frå han verva dersom det ikkje hadde skjedd frivillig. Det var han innforstått med sjølv også, seier lokallagsleiar Bjørn Borlaug i Bergen AEF.

- Ville ikkje slå handa av han

Borlaug måtte sjølv tole kjeft i går. Både han og resten av lokallagsleiinga i Bergen har vore fullt klar over at mannen i 1996 vart dømt til to og eit halvt års fengsel for grove seksuelle overgrep mot ei lita jente. Likevel let dei han kome attende som leiransvarleg på ein leir for barn mellom 13 og 17 år på Askøy i fjor.

— Han hadde sona ferdig, og vi ville ikkje slå handa av han. Han hadde oppført seg eksemplarisk i organisasjonen, og vi vurderte opplegget slik at det ikkje var fare for nye overgrep, seier Borlaug.

I går fekk Borlaug klar melding frå forbundsleiar Inger-Christin Torp om at dette var uakseptabelt.

— Vi burde nok ikkje late mannen få det ansvaret han fekk, seier Borlaug no.

Inger-Christin Torp nektar framleis for å ha høyrd om sexdommen før BT orienterte henne måndag. Bergenslaget seier på si side at sentralleiinga vart orientert allereie i 1996.

Bergenslaget heldt tett

I tillegg til leiren på Askøy har den sexdømte mannen hatt hovudansvaret for fleire leirar i Østfold dei siste åra. Desse leirane hevdar bergenslaget at dei ikkje hadde noko ansvar for.

— Informerte de lokallaget i Østfold om mannens fortid?

— Nei, vi meinte at sentralleiinga allereie var orientert, og trudde ikkje det var nødvendig.

På hovudkontoret til AEF er irritasjonen stor over bergenslagets handlemåte.

— At dei legg lokk på saka og ikkje går vidare med det dei veit, tykkjer eg er ubegripeleg. Ein ting er at dei kanskje trur mannen er uskuldig. Men det er ikkje poenget her. Poenget er at vi ikkje kan bruke ein sexdømt som leiar for barneleirane våre, seier organisasjonssekretær Jorunn Amundgård i AEF.

Krisemøte i går kveld

Ho hevdar at bergenslaget var ansvarleg også for leirane i Østfold - stikk i strid med Borlaugs syn.

— Det var gjennom lokallaget i Bergen at 40-åringen vart leiar for desse leirane. Han vart ikkje henta til jobben av noko anna lokallag, seier Amundgård.

Leirutvalet i AEF sentralt hadde møte i går kveld. Der stod oppryddinga etter sexdom-avsløringa på sakskartet.

— Vi skal diskutere korleis vi kan hindre at slike ting gjentek seg, seier organisasjonssekretær Amundgård.