Berre i åra 2002 til 2005 vart kommunen fakturert for 5,2 millionar kroner frå selskapet Erstad & Lekven Bergen AS.

Dei siste tolv åra har Øygarden kommune investert i nye bygg for 350 millionar kroner. Kommunen har fått ny ungdomsskule, helse— og tenestesenter, omsorgssenter, ny barnehage og SFO-bygg. Men investeringane har ikkje føregått med opne kort, kjem det fram i avisa VestNytt i går.

- Godt nøgde med firmaet

På midten av nittitalet vedtok kommunestyret i Øygarden å byggje ny ungdomsskule på Rong. Kommunestyret sette ned ei eiga plan- og byggjenemnd til prosessen. Det vart også vedteke å leige inn ekstern hjelp til å styre byggjeprosjektet, ein konkurranse Erstad & Lekven Bergen AS vann.

Etterpå dukka fleire byggjeprosjekt opp. Kommunen følgde same organiseringsform, med valde politikarar i ei eiga gruppe plan- og byggjenemnd til å styre prosjekta. Den politiske leiaren i alle nemndene har vore Ottar Vik, tidlegare ordførar for tverrpolitisk valliste (TVØ).

— Kvifor var det ikkje nytta anbodsrundar ved innleige av prosjektleiar?

— Me hadde anbodsrunde då me byrja med ungdomsskulen. Sidan vart det fleire prosjekt, og me teikna nye kontraktar med firmaet. Når ein er godt nøgd med firmaet og kvaliteten på tenesta dei leverer, då har me vald å gå vidare med same selskap, seier Ottar Vik.

- Me burde vite betre

No får kommunen på pukkelen både for brot på anbodsreglane, og for organiseringa av investeringsprosjekta i eigne plan- og byggjenemnder.

Mange av byggjeprosjekta har blitt langt dyrare enn utgangspunktet. Organiseringa med nemndene gjev meir politisk kontroll, på kostnad av administrasjonen. I årsmeldingane for 2004 og i 2005 fråskriv rådmannen seg ansvaret for pengebruken til nemndene.

— Klarer de ikkje å følge kommunelova i Øygarden?

— Det er viktig å ha gode ordningar slik at me ikkje kjem på kanten av kommunelova. Kommunestyret kan nok ha fatta vedtak som tangerer her. Me burde vite betre, det er enkle justeringar som skal til. Me skal gå tilbake og sjå på detaljane, seier ordførar Olav Martin Vik (TVØ).

— Med anbodsrundar er meininga å finne det billegaste tilbodet. Kan ein vere viss på at ein har fått det billegaste tilbodet utan anbod?

— God byggjeleiing fører til pengar spart. Alt det andre har vore på anbod. Det er ikkje ved konsulenttenestene dei store pengane ligg, seier ordføraren.

Til avisa VestNytt seier leiar for plan- og byggjenemndene, Ottar Vik, at revisjonsrapporten er eit tingingsverk frå misunnelege opposisjonspolitikarar.