— Eg blei heilt sett ut då selskapet konfronterte meg med promilleresultatet. Derfor valte eg å seia meg opp sjølv, seier Øyvind Soldal om møtet med Tide-leiinga han ubudd blei kalla inn til 27. august i fjor.

No gir Bergen tingrett ferjeselskapet refs for både alkotesten og framgangsmåten ved oppseiinga, og krev Soldal gjeninnsett i stillinga. Tide er også dømt til å betala matrosen 450.000 kroner i erstatning for inntektstapet han har hatt sidan han brått stod utan jobb i fjor - etter 22 års teneste for rutelaget.

Promille er ikkje rus

Øyvind Soldal hadde ekstravakt på Bruravik-Brimnes-ferja 3. august i fjor, då mannskapet måtte gjennom ein rutinemessig rusmiddeltest. Han hadde drukke eit par pilsnerøl på frikvelden dagen før.

Soldals blåseprøve var negativ, medan urinprøven viste ein alkoholpromille på 0,23 då tre og ein halv time var gått av arbeidstida.

I dommen frå Bergen tingrett får Tide kritikk for å ha lagt berre urinprøven til grunn for oppseiinga. Retten peikar på at det trengst anten blodprøve eller utandingsprøve for å konstatera at personar er påverka av alkohol. Analysefunn i urin kan åleine ikkje seia noko om påverknad.

Møtte åleine

I dommen blir rutelaget også refsa for sakshandsaminga. Soldal blei ikkje informert om at møtet med leiinga ville handla om avskil. Heller ikkje fekk matrosen vita at han hadde høve til å ha med seg tillitsvalt eller rådgjevar i møtet.

— Eg fekk under møtet høve til å konferera med vår tillitsvalde på telefon. Basert på opplysninga om at det var påvist promille, gav han meg råd om at det var betre å seia meg opp sjølv enn å få avskil, seier Soldal.

Ein månad etter møtet trekte Øyvind tilbake oppseiinga, etter råd frå medisinsk kunnige og Fellesforbundet for Sjøfolk (FFFS).

— I denne dommen har Tide fått ein smekk selskapet fortener. Urinprøve er ikkje haldbart for å seia opp folk, seier Leif R. Vervik, leiar i FFFS, som sterkt ønskjer domsresultatet offentleggjort.

— Det er frustrerande å tenkja på at selskapet handla så uprofesjonelt, seier Øyvind Soldal, som fekk eit personleg tilleggsproblem av å mista jobb og fast inntekt. Det har til no hindra han i å få opphaldsløyve i Noreg for si thailandske kone, som han gifta seg med i oktober i fjor.

Nulltoleranse

Tide Sjø - tidlegare HSD - innførte sitt nye reglement om nulltoleranse for rus i 2002 etter eit par medieomtalte tilfelle av alkoholbruk blant ferjetilsette.

Tide-reglementet går lengre enn forskrifta i Sjømannslova, som tilseier avskil «for gjentatt beruselse i tjenesten». I Tide er det nok med eitt rustilfelle.

— Det er viktig med eit strengt regime på dette området, og vi kjem til å halda fram med det. Vi har mange kontrollar, men avdekkjer sjeldan tilfelle av rus i teneste, seier administrerande direktør Ivan Fossan i Tide Sjø.

Ifølgje tingrettsdommen har Tide praktisert eige regelverk tilfeldig, med urimeleg resultat.

— Dommen frå Bergen tingrett tek vi til etterretning, og vil nytta oss av dei fristane vi har til å vurdera ein anke, seier Fossan.