Sei di meining

Dette skjer fordi barnet ikkje ønskjer at foreldra skal få vite noko. Gjennom ungdomstiltaket V13 har Kirkens Bymisjon sett fleire eksempel på at det har gått heilt gale med ungdom, samtidig som foreldre, skule og barnevern vart haldne uvitande om at helsevesenet faktisk har behandla barnet for overdose.

Tidde om overdose

— Vi har sett konkrete eksempel på at det har gått gale med unge, fordi korkje foreldre, skule eller andre som ønskjer å hjelpe har fått informasjon om overdosar eller andre alvorlege hendingar, seier dagleg leiar Leif Jarle Theis i Kirkens Bymisjon i Bergen.

Både somatiske sjukehus og psykiatri kan nemleg avgrense informasjonen om barn overfor foreldre og andre pårørande.

— Utan denne informasjon blir det langt vanskelegare å hjelpe, både for foreldra og andre. Det finst tilstandar som er så alvorlege at helsepersonell ikkje skal la vere å informere dei føresette. Eg meiner at barnet sitt beste må stå i sentrum, og at helsevesenet oftare må våge å informere på tvers av barnets eige ønske, seier Leif Jarle Theis i Kirkens Bymisjon i Bergen.

Barnest beste?

Etter pasientrettigheitslova er ein person myndig i helserettsleg forstand når vedkommande fyller 16 år. Over 16 år er hovudregelen teieplikt overfor foreldra, med unntak for enkelte særleg alvorlege og akutte lidingar.

Er pasienten mellom 12 og 16 år, kan opplysningar også bli haldne tilbake for foreldra dersom barnet ønskjer det - av «grunnar som bør bli respektert». Prevensjonsrettleiing, rettleing rundt abort og lettare psykiske lidingar er nemnt som eksempel på slik grunnar.

Dermed blir spørsmålet om informasjon til dei føresette gjenstand for ei skjønsmessig vurdering mellom teieplikt, barnets ønskje og integritet på eine sida og foreldre og støtteapparat si trong for informasjon på den andre.

— Helsepersonell må langt oftare vurdere kva som faktisk er til barnets beste, og våge å informere på tvers av det barna ønskjer der og da. Særleg gjeld dette ved alarmerande tilfelle som overdose og alvorlege psykiske problem, seier Theis.

Fekk ikkje svar

Han meiner dagens lover og forskrifter på området er gode nok, men at helsepersonell må ta meir ansvar og ikkje vere redde for å informere på tvers av barnets ønskje.

— Det beste for barnet må vere det viktigaste. Da må foreldra og kanskje andre involverte få vite om kva som føregår, seier han.

I Bymisjonens ungdomstiltak V13 har familieterapeut Christiane Blume fleire gonger opplevd å få vite i ungdomsmiljøet at no er den og den innlagt med overdose, utan at det nære nettverket rundt barnet har visst noko.

— Eg ringde Haukeland universitetssykehus for å få svar på kva som skal til før dei informerer føresette og barnevern. Eg vart sett over frå person til person åtte gonger, men fekk ikkje noko godt svar, seier Blume. - Korleis kan nettverket rundt barnet gjere noko, når dei ikkje veit noko, spør ho.

Også ved Barne- og Ungdomspsykiatrisk Poliklinikk opplever Blume at informasjon ut til barnets nettverk er varierande.

— Nokre av dei tilsette seier nei dersom barnet seier nei, andre vurderer kvart tilfelle for seg, fortel ho. - Ofte får ikkje dei som har meldt frå vite om eller når barnet eventuelt får hjelp hjå BUP.

- Skal informere

Både Fylkeslegen i Hordaland og Helse- og sosialdirektoratet er heilt klar på at overdosar av rusmiddel ikkje kjem inn under ting som skal haldast tilbake for dei føresette.

Dette gjeld også ved fare for sjølvskading eller redusert utvikling, omgang med ulovlege rusmiddel eller større skader som følgje av kriminelle handlingar.

Fylkeslege Helga Arianson i Hordaland har tilsynsmyndet overfor helsevesenet i fylket, og seier det på denne måten:

— Ved alvorlege tilstandar som ein overdose skal foreldra informerast, slik at dei blir i stand til å ivareta foreldreansvaret sitt.

Arianson understrekar at ho ikkje kjenner til konkrete saker av denne typen, og ho inviterer gjerne Kirkens Bymisjon på ein dialog.