— Vi meiner han driv ein praksis som er uforsvarleg. Det ville vere å ta vekk alvoret frå saka om vi let han halde fram, kommenterer underdirektør Sylvi Storaas i Helsetilsynet.

I midten av april vart Amundsen fråteken autorisasjonen for å praktisere som psykolog. Til grunnlag for avgjerda i Helsetilsynet låg klager frå fire pasientar.

Kjernen i klagene er psykologens omstridde bruk av behandlingsmåten regresjonsterapi. Fleire av pasientane som klaga opplevde at psykologen førte dei tilbake til tidlegare liv.

Pasientar i knipe

Det er psykologen sjølv som har bedt om å få tilbake autorisasjonen. Han vil praktisere som psykolog til klagen er avgjort i ankeinstansen, Statens helsepersonellnemnd.

Grunnen er at Rune Amundsen er redd ein del av pasientane hans kan komme i ein heilt uakseptabel situasjon, når dei no må avbryte behandlinga. Amundsen har argumentert med at situasjonen som har oppstått kan få katastrofale følgjer for nokre av pasientane, og vere ei ekstrem belastning for ei rekkje andre.

— Slik vil det ofte vere når helsepersonell misser løyvet til å praktisere. Amundsens pasientar må no overførast til andre behandlarar, kommenterer Storaas.

Klagar vidare

Florø-psykologen har gjort det klart at han kjem til å klage avgjerda inn for Statens helsepersonell. I tillegg til ein skriftleg klage, vil ein person som er fråteken lisensen også få høve til å framstille si sak direkte overfor nemnda.

Førebels har ikkje Helsepersonellnemnda motteke klagen frå psykologen. Normal sakshandsamingstid er tre-fire månader på saker som gjeld tap av lisens.

— Når vi ikkje har motteke klagen, kan denne saka ikkje komme opp i før etter sommarferien, opplyser fungerande direktør i nemnda, Elisabeth Furru.

Vi meiner han driv ein praksis som er uforsvarleg. Underdirektør Sylvi Storaas i Helsetilsynet

OMSTRIDT TERAPI: Rune Amundsen brukar regresjonsterapi i behandlinga av pasientar. Fleire av pasientane som har klaga på psykologen opplevde at han førte dei tilbake til tidlegare liv.
FOTO: HELGE HANSEN