Dei meiner jenta er for ung til å setje seg i så stor gjeld som ho vil få ved å løyse ut bruket. Landbrukseigedom nær sentrum på Nordfjordeid er verd kring to millionar kroner.

Ifølgje Fjordabladet har jenta lyst til å overta. Garden ligg slik til at mykje av odelstaksten vil kunne finansierast ved sal av nausttomter og utleige av husvære.

– Overformynderiet skal ta vare på borna sine interesser, og har ikkje gjort jobben sin, meiner nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Magnhild Bjørlo. Noverande eigar av gardsbruket er besteforelder til jenta, og vil overdra garden til dotter si som er yngst av to søsken. 16-åringen er dotter av son til noverande eigar.

Overformynderiet har avgjort at 16-åringen skal seie frå seg odelsretten til fordel for tanta. I staden for å overta slektsgarden har dei sytt for at den 16 år gamle jenta får ei nausttomt som kompensasjon.