I praksis er det professor Harald Nyland på nevrologisk avdeling som arbeider med desse pasientane.

— Han er tydelegvis overarbeidd. Ved sentralsjukehuset i Førde har dei behov for fagleg samarbeid om Ole Jon, og dei har prøvd å få kontakt med nevrologisk avdeling og Nyland sidan september. Men dei svarer ikkje eingong på breva frå Førde sentralsjukehus, seier ei oppgitt mor, Ingrid Bjørkum. Ho vil ikkje kritisere Nyland, men meiner Haukeland som regionsjukehus har eit klart oppfølgingsansvar.

Også BT har prøvd å få kontakt med Nyland dei siste dagane utan å lukkast.

Dermed blir Ole Jon liggjande på den akuttpsykiatriske avdelinga, utan spesialisert ME-behandling. Ingen norske sjukehus har sengepostar for dei mest alvorleg ME-sjuke, som også er for dårlege til å reise til polikliniske konsultasjonar.

— Vi håpar sjølvsagt han skal bli betre, men veit lite om framtida, seier far hans, Tore Eriksen.

Ole Jon har vore på psykiatrisk i seks månader no.

— Men vi fryktar at han kan bli skriven ut, seier søstera Torunn.

— Mange slike pasientar hamnar heime eller på sjukeheim.

Og familien får velmeinte råd frå vener og kjende, blant anna at Ole Jon må trene seg opp.

— Generelt er aktivitet bra for nær sagt alle lidingar. Men med ME er det motsett, seier Ingrid Bjørkum.

I mellomtida er det håpet som held Ole Jon oppe. Han var botnlaust fortvila da han vart innlagt på psykiatrisk avdeling i Førde. I dag er han ikkje lenger deprimert. Han vil kjempe.

— Han har så store ressursar, han er så sterk! Det er tanken på å bli betre som held han oppe, seier mora.

— Han veit at prognosane er betre for dei som blir råka i ung alder.