– Riving vil medføre at eit viktig kulturhistorisk bygningsmiljø i Florø by går tapt, meiner kommunen som krev at ein plan for å sikre bygningsmiljøet blir lagt fram innan utgangen av mars.

Planane om å rive det gamle bygningsmiljøet i Strandgata, hovudgata i Florø, har skapt sterk debatt. Motstandarane meiner dette er sjølve sjela til byen, like viktig for Florø som Bryggen er for Bergen. Andre meiner dei gamle bygningane har utspelt si rolle.

Eigaren, Sverre Stenbakk, kjøpte dei gamle bygga for nokre år sidan. Saman med ein nabo har han fått utarbeidd eit framlegg til reguleringsplan med nybygg i sentrumskvartalet.

– Så langt eg kan vil eg rette med etter vedtaket. Eg er innstilt på å spele på lag, seier Stenbakk til Firdaposten. Han reknar likevel avslaget meir som ei utsetjing enn eit endeleg vedtak.

HALV SIGER: Kjartan Godø (til v.) og Halvor Halvorsen er mellom dei som har engasjert seg sterkt for å berge det gamle bygningsmiljøet i Strandgata. No nektar kommunen eigaren å rive husa på Trovikeigedomen.
Øystein Torheim