— Eg kjenner ikkje til den aktuelle saka du legg fram, men det er slett ikkje bra at vi få slike konsekvensar av at vi ikkje har nok egna lokale til å halde rettssaker, seier førstelagmann i Gulating lagmannsrett, Rune Fjeld.

Han ser tydeleg at dette er ein situasjon som gjer det ekstra tungt å vere offer.

— Det er klart at dette blir ei ekstra belastning for den fornærma kvinna, seier Fjeld.

Han er skuffa over at det ikkje blei løyvd pengar til nye rettslokale i Bergen då statsbudsjettet vart lagt fram i går.

— Det verkar som om dei ikkje ser alvoret i dette. Vi har berre ein sal for lagrettesaker i den nest største byen i landet. Det er ikkje nok, seier Fjeld.

Gulating leiger lokale for fleire av sakene som kjem opp, men Fjeld meiner at dei mest alvorlege sakene ikkje bør haldast i hotell og selskapslokale.

— På hotell vrimlar det med ungar og turistar i pausane. Slik kan vi ikkje ha det rundt tiltalte, vitne og fornærma i veldig alvorlege saker. Det er ikkje leik vi held på med i retten, seier Fjeld.

Gulating bruker mykje tid på å leite etter eit eigna lokale til å halde rettssaker.

— Vi har kontakt med både Statsbygg og eigedomsselskap for å finne eit bygg vi kan bruke meir permanent. For den situasjonen vi har no, kan vi ikkje leve lenge med, seier førstelagmannen.

Det var to gjerningsmenn i valdtektssaka i Florø. Den eine slepte fri i går. Den andre vart fengsla for fire nye veker i Fjordane tingrett onsdag.

Men avgjerda er påkjært til Gulating lagmannsrett. Det betyr at i neste veke skal Gulating gjere den same øvinga som Borgating gjorde.

Då skal dei kanskje sjølve måtte avgjere at det dei gjer ikkje er innanfor lova.