Det opplyser gode kjelder til Bergens Tidende.

I dag får Bergen og 17 andre byar og distrikt ny politimeister.

Ny meister i Bergen, eller Hordaland politidistrikt, som det nå skal heite, blir Vidar Refvik (52). Han er i dag ekspedisjonssjef i Politiavdelinga i Justisdepartementet. Utnemninga er i tråd med innstillinga frå Politidirektoratet og sjefen der, Ingelin Killegreen.

Bergens Tidende fortalde om vurderinga frå Politidirektoratet 3. oktober.

Gode kjelder hevdar overfor Bergens Tidende at justisministeren ville vere varsam med å gripe for sterkt inn i tilrådingane frå Politidirektoratet sidan det gjeld tilsettingar i ytre etat. Der vil den politiske leiinga normalt vere tilbakehalden, blir det streka under.

«Sterkt engasjement»

Statssekretær Jørn Holme i Justisdepartementet stadfester overfor Bergens Tidende at det har vore sterkt engasjement omkring utnemningane til fleire av embeta.

— Det ser vi berre som positivt, for dette er viktige stillingar, seier Holme.

Han stadfester at dette også gjeld for Bergen/Hordaland, men han avslår å utdjupe dette.

- Leve vetig med ny

Leiaren for politilaget i Bergen, Jan Gunnar Bøe, seier til Bergens Tidende at han og styret i laget har hatt klare oppfatningar om kven som burde få politimeisterjobben i Bergen.

— Elles ville vi vore hjernedøde. Men eg vil ikkje gje uttrykk for kva vi meiner. For vi skal leve vetig med den politimeisteren vi får, uansett kven det blir, seier Bøe. Han nektar for at han eller laget har signalisert noko til Justisdepartementet om spørsmålet.

Nokre av søkarane, som har vore inne til intervju, opplyser til Bergens Tidende at dei har inntrykk av at det har vore ein open tilsettingsprosess.

«Handplukka»?

Men samstundes har det lenge gått rykte om at somme kandidatar anten er oppmoda om å søke, eller har fått «klarering» på førehand.

Det gjeld til dømes Vidar Refvik, som har søkt Bergen, og Ellinor Houm, som har søkt Asker og Bærum. Den jobben har også førstestatsadvokat Siri Frigaard og ekspedisjonssjef Torodd Veiding i Justisdepartementet søkt.

— Politimeisterstillinga var den tredje sjefsjobben Refvik søkte frå posisjonen som øvste sjef for Politiavdelinga. Det er grenser for kor mange stillingar ein kan søke frå den posisjonen, er det blitt understreka overfor BT.

Ekspedisjonssjef Vidar Refvik (52) blir i dag utnemnd til ny politimeister i Bergen.