— Eg er ikkje i tvil om at det er alderen som gjer at eg ikkje kjem i betraktning, seier Arvid Økland. 54-åringen jobbar for tida i grunnskulen på Tysnes, og kunne tenkja seg å flytta til Bergen med kona. I vår har han søkt åtte stillingar på fire ulike barneskular i Bergen utan noko respons.

Les også: Kommunen kjenner til aldersdiskrimering

Aldersdiskriminering

Forbundet har fått mange førespurnader frå eldre lærarar som prøver å få seg jobb i Bergen utan hell.

— Ikkje eingong ein telefon eller eit intervju. Det synest eg er rart ut ifrå kvalifikasjonane mine, seier Økland. Utdanningsforbundet i Bergen er einig.

— Det er veldig rart at han ikkje har høyrt eit pip, slik eg ser det er dette aldersdiskriminering, seier Grete Ingebrigtsen, leiar i utdanningsforbundet i Bergen. Folk som er busett andre stader, kan ikkje vikariere seg inn i stillingane, og må søkja på nåden til rektorane på skulane. I Bergen er det nemleg opp til den enkelte rektor å velja kven som skal tilsetjast. Utdanningsforbundet meiner prosedyren for tilsetjing ikkje er god nok.

— I Bergen kan rektorane velja på øvste hylle, men eg er ikkje sikker på at dei sikrar dei beste.

Overser erfaring

  • Inntrykket vårt er at det går mykje på kjennskap. Den realkompetansen som lærarar opparbeider seg, blir totalt oversett, seier Ingebrigtsen. Ho har fått tilbakemelding frå dei fire skulane som Økland har søkt på i år.

I følgje henne er det hovudsak er det dei unge, nokså nyutdanna som har vikarierer på skulen frå før som får jobben. Før lyste Bergen kommune ut alle lærarstillingane i ei felles annonse, no er tilsetjinga fult og heilt opp til den einskilde skule. Dette gir rektorane ei enorm arbeidsmengd med å gå igjennom søknader.

— Det er lett å tenkja å tilsetja ein som er kjekk og grei som alle kjenner frå før, seier Ingebrigtsen.

  • Men som del av det offentlege har skulen også forpliktingar, seier ho og viser til opplæringslova som utpeikar erfaring som viktig kriterium.

Fagkombinasjonen viktigast

To av skulane som Økland har søkt på, med blankt avslag, er Ulsmåg og Indre Arna skole. Rektorane her avviser at det er alderen som ligg til grunn for avvisinga.

— Men det er ingen som har rett på ei stilling, me ser på skulen sitt behov, seier Jon Tesdal, rektor ved Ulsmåg skole. Dei siste åra har skulen valt å spissa stillingane.

— No når me søkte etter fordjuping i naturfag, legg me til side alle som har anna utdanning, seier Tesdal. Han vedgår at det er få eldre som har spissing av fag på same måte som dei nyutdanna. På Indre Arna skule er det også fagkombinasjonen til lærarane som søkjer som er viktigast.

— I ein søknad er det utdanning, ikkje realkompetanse som kjem fram, seier rektor Endre Ljones. Han vedgår at dette kan gå ut over eldre lærarar.

Vil bli vurdert

Arvid Økland trur ikkje på forklaringane frå skulane.

— Det er veldig tynt grunnlag unnskyldningane kjem på, meiner Økland som siste halvår har skaffa seg dei ekstra studiepoenga han treng for å få godkjent eit grunnfag i naturfag etter standarden i dag. I tillegg har den erfarne læraren fordjuping i kroppsøving.

— Eg forventar ikkje å få alle stillingane eg søkjer på, men eg forventar å bli tatt i betraktning, seier han.

VIL JOBBA I BERGEN: Arvid Økland (54) slit med å få seg jobb i Bergen. - Eg skulle ønske at skulane såg på erfaring som den ressursen det er, seier tysnesingen som treng jobb i Bergen før han flyttar.
Amundsen, Paul S.